mandag 21. september 2009

Ja, det var tider det...




For eit år si, omtrent på denne tida, var hagen ganske annleis. Den var faktisk snudd på hovude. Huset var stort sett det same som då me kjøpte det, med håp om ein etterkvart tørrlagt kjeller. (Dei tre månadane før me drenerte var det konstant fuktigt i kjelleren. Enkelte gonger hadde "flytebryggene" klaring fra golvet på grunn av regnvatn.) Ja det var festlig.

Men så kom altså gravemaskinen og vende opp ned på hagen, me fekk kobla oss på det kommunale kloakksystemet og enda septikktank-karrieren. Eg hugsar at det var noko strevsomt å krypa inn terrasedøra som då sikkert var 1,5 meter over bakken. Trappa under denne døra var vekk og den vanlege inngangen var utilgjengeleg på grunn av eit stort hol. Så glassdøra i stova var einaste veg inn. Alt går jo, det var ikkje så lenge det stod på. Artig å tenkja tilbake på... Ja ja, nå er det noko anna som står på....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar