onsdag 30. september 2009

Siste septemberdag og det er haust i lufta...

Eg hadde med meg kameraet då eg bare var ute og lufta Noah i går. Eit par gonger fram og tilbake i gata og ein svingom i hagen. Så sov han. Eg knipsa litt både her og der, og resultatet blei desse haustbildene:


tirsdag 29. september 2009

Pappakosegutt


Husoppdatering...

Nå er huset snart ferdig utvendig. Det mangler litt innramming av vindauga her og der, dei trekanta vindauga er komne, men ikkje sett inn ennå, og så er det nokre pyntebord her og der. Ellers er det taket som gjenstår. Deretter er det tid for å starta renoveringa innvendig i huset. Spanande... For omtrent ei veke si kom det ein ny kontainer i tunet. Eit tankskip av ein kontainer, spør du meg. Vel det var ikkje lenge den var tom. Svigerfar har gjort ein kjempe oppryddningsjobb, og nå er det ryddig rundt huset. Fra kjelleren slepp me å sjå rett inn i ein plankehaug nå. Deilig. Takk for hjelpa Rolf...








Mmmm Eple og kanel muffins

-etter inspirasjon fra Pickles
3 epler, skrellt og hakka i småbiter. ristes i kanel og sukker
150 gr smør
200 gr sukker
- Røres hvitt
3 egg blandes i
200 gr mel
1 ts bakepulver
Snitt en lime i 2 og press ut litt saft i deigen.

Bland eplene i den ferdige røra og ha deigen i muffinsformer. 3/4 fulle former

180 C i ca 25 min

fredag 25. september 2009

onsdag 23. september 2009

Er det ikkje nok med ein blogg?

Vi (les Dorthea) har oppretta ein blogg til. Denne skal etterkvart bli stengt for heile verda, men open for dei som ønskjer å fylja med på koss det går med småen. Men akkuratt nå handler den mest om at me skal feira oss sjølv. Feira det som feiras kan. 10. oktober har me invitert til venneselskap og skal feire at me tilsaman ikkje er meir enn 60 år.

Bloggadressa er:
www.dortheaogroald.blogspot.com

Du kan og trykka på overskrifta for å koma dit...

mandag 21. september 2009

Ja, det var tider det...




For eit år si, omtrent på denne tida, var hagen ganske annleis. Den var faktisk snudd på hovude. Huset var stort sett det same som då me kjøpte det, med håp om ein etterkvart tørrlagt kjeller. (Dei tre månadane før me drenerte var det konstant fuktigt i kjelleren. Enkelte gonger hadde "flytebryggene" klaring fra golvet på grunn av regnvatn.) Ja det var festlig.

Men så kom altså gravemaskinen og vende opp ned på hagen, me fekk kobla oss på det kommunale kloakksystemet og enda septikktank-karrieren. Eg hugsar at det var noko strevsomt å krypa inn terrasedøra som då sikkert var 1,5 meter over bakken. Trappa under denne døra var vekk og den vanlege inngangen var utilgjengeleg på grunn av eit stort hol. Så glassdøra i stova var einaste veg inn. Alt går jo, det var ikkje så lenge det stod på. Artig å tenkja tilbake på... Ja ja, nå er det noko anna som står på....

onsdag 16. september 2009

Dette ser bra ut...













Nå er vindskeiene på inn mot viervegen. Og kassane er ferdige. Det begynner verkeleg å sjå litt finare ut nå.













På mandag blei takvinduene i den gamle garasjedelen satt inn. Det kjem til å gjera kontoret lyst og triveleg. Spørs om me ikkje kjem til å tilbringa masse tid der i framtida.

tirsdag 15. september 2009

Stas med besteforeldre


   

Morfar var innom for to veker sidan etter at han  kom igjen fra en tur i Sveits.
Mormor besøkte me på sjukehuset på søndag. Ho har operert ryggen. Det hadde gått bra.




Etterpå var vi innom farmor og farfar. Der fekk minsten litt besteforeldre-kos før me gjekk tur og lufta Leon, hunden som husbonden "drog til gards" for ganske mange år sidan.

søndag 13. september 2009

Kva driv Jr med?


Kva driv så ein tre måneder gamle Jr på med?













Han les bok, eller skal me sei et bok?












Han ler og er glad og fornøyd. Men vil helst ikkje ligge ned, skal bare opp å sitta.













Han er veldig fasinert av både sine egne og faren sine hender...













Så kan me vel sei at foreldra og er ganske fasinerte...

torsdag 10. september 2009

Koss går det egentlig med huset?

Nå har det vært mye rart inn på denne bloggen her. Bakeoppskrifter, eit ord for dagen, bilder fra dåp og sjølvsagt bilder av gullungen. Men kva med huset? Begynner å få en del spørsmål, så eg har skjønt at det er på tide med ein husoppdatering. Grunnen til at det har blitt litt lite av det i det siste er nok så enkelt som at Roald har begynt å jobba igjen etter ferie og farsperm. Og kjerringa i huset er flinkare til andre ting enn å kle og bygga hus. Så då er det lika greit at huset får litt fred når mannen er på jobb.

Men nå er det altså "friperiode" for mannen og det betyr at det skjer litt med huset igjen. Nå er det bare to sider igjen som ikkje er kledd. Og innvendig har en pinne i taket blitt bytta ut med ein større pinne i taket. Så nå kan me vera i 2. etasje uten å ver redde for at me plutselig er i 1. etasje. Den gamle drageren var litt underdimensjonert i forhold til dagens krav.

Ellers har me jo klart å fanga alle tre på et bilde. Det er jo ikkje verst.




mandag 7. september 2009

Septemberregn...


Det er blitt september, og dermed haust. Kor blei sommeren av?  I dag regner det, ikkje sånn øs pøs, men  jevnt og forsiktig. For lite til at ein egentlig vil ta regnklede på for å hente posten, men likevel nok til at ein kjenner fuktigheten inn til huden når posten er i hus. Egentlig hadde det vore deilig å trekkja eit teppe godt over seg, sitja inne og nyta ein kopp varm sjokolade.

Vel, ikkje tid til sånt. I dag har det blitt rydda litt ute. Me har lasta opp tilhengjaren med alle vindauga som har blitt fjerna frå huset. Dei har stått litt rundt omkring. Og nå skal dei altså leveras inn på søppelhaugen, til gjenvinning eller noko. Minsten har hatt det godt og varmt i sin lune ullpose i vogna. Såg herlig ut å vera inni der. Bagen har nok hatt sine siste minutt på hjul. Blir nok bare benytta inne nå, til nokre melkelurar på dagen.

I dåpen til Johanna




Det kan sjå ut til at Noah har interesse for sin lille kusine. Han storkoste seg når han kunne få plukka litt på ho.

søndag 6. september 2009

Overnatta i bagen for siste gang?


Livet i en liten vognbag begynner å bli trangt. Så nå trur eg jammen det er på tide med reiseseng når me skal overnatte vekke. Prøvde ut sportsdelen på vogna på fredag og det funka heilt fint å sove i den. Mamma klipte plenen, mens eg låg og sov i vogna på plenen. Eg vakna først når plenklipperen stoppa å laga bråk.

fredag 4. september 2009

Fra bordkalenderen...

En rose som knuses, gir fra seg en vakker duft.
Slik kan vansker i livet utløse det som bor i oss. 
Hvis vi tillater det, kan de bringe videre kvaliteter 
som kjærlighet til andre, 
mildhet, 
medfølelse, 
ydmykhet 
og nærhet til dem vi er glad i.

torsdag 3. september 2009

Horn/boller
















Av og til smaker det bare så enormt godt med litt heimebakst... Denne oppskrifta har eg fått av mi vennine, Anja. Og den er virkelig enkel og god. Eg har ein forkjærlighet for grovt bakverk, sjå grove horn under . (har bare gjort oppskrifta litt større lagt til grovt mel) 

1 kg mel
50 gr/150 - 200 gr sukker
1/2 ts kardemomme
140 gr margarin
ca 7 dl melk
60 gr gjær

Bland alt det gørre i en bolle. Smelt margarin og ha melka i, varm til lunka blanding og rør inn gjæren. Bland væska inn i det tørre og elt deigen godt. 

La deigen forheve i ca 1 time og bak ut Horn/rundtstykker/boller. 
Etterhev i minst 1/2 time.  (God etterheving = luftig bakverk)

Stek midt i ovnen: 10 - 20 min i 200 grader. 

Grove horn, stor deig.

1 kg hvetemel (vanlig)
1/2 kg grovt mel (har mye brukt hvete)
75 gr sukker
ca 1 l melk
2 pk gjær
210 gr smør
1 ts salt

Bland det tørre. Smelt smør og ha i melka, ved lunken blanding har du i gjæren. Elt sammen til en god dei. Forhev. 

Del deigen i fem emner og lag horn av disse. Eg ender som regel opp med 40 horn. 

200 grader i 10 - 20 min.