Viser innlegg med etiketten Natur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Natur. Vis alle innlegg

onsdag 9. mars 2011

Whaaaaaaaat? Snøøøøø?

Hmm, ikkje heilt med i planen dette her... Har snøa i fleire timar. Og eg hadde ein tanke om å vaska vinduar, nyta våren og greier... Skal ikkje stikka under ein stol at det har klødd litt i fingrane etter å planta nokon vårplanter i krukkene utafor. Nå veit et ikkje heilt om det er aktuelt i dag.  I går kveld regna det sånn at det hørtes både på vinduer og tak. Vi har heldigvis sånt herlig tak som seier frå når det regner, så då blir følelsen av å sitta under eit pledd endå bedre. Trur kanskje at eg syns nedbør i form av snø var lika greit i dag, det blei jo så lyst og fint... Heilt reint ute liksom...

Det ser ikkje ut til at snøen skal bli verande i det uendelige...  Er jo ganske glad for det då...

Særlig fint om snøen forsvinn slik at desse herlige får lov å fortsetje sin ferd fram i lyset... Det er herlig med vår. 


mandag 22. mars 2010

Vår...

Dette er ei veldig god tid av året, lysare kveldar, hagen/trea/hekkane ol ser egentlig ganske døde ut. Men så kjeme det nytt liv under alt det andre. I hagen vår er det nå iferd med å gro fram flotte klosterklokken. Fantastisk.

onsdag 27. januar 2010

Mildvær, jippi....













I dag har det vore herleg mildvær. Eg såg ut av vindauga og fekk auga på grøne grasstrå stikkande opp og det blei bare meir og meir utover dagen. Meir og meir av plenen vart synleg. Sol og regn for ikkje å snakka om plussgrader. Humør og glede auka enormt. Eg og Jr måtte bare ut med vogna. Fantastisk, trudde eg.













Herleg å komma seg ut, stod absolutt til forventningane. Heilt til me gjekk ut av gardstunet og skulle trilla vogna. Det har ikkje vore noko problem at gangstiar ikkje har vore brøyta for det har jo vore hardpakka uansett. Men i dag var det ikkje mogeleg å ta dei vanlege vegane. Det var minst 15 cm med blaut blaut snø. Umulig å både skua og dra vogn. Vel vel, så måtte eg snu og gå sykkelstiar langs vegen då.


mandag 16. november 2009

Søndagstur i november...







I går måtte me bare ut å nyta at det ikkje blåste så alt for ille. Ganske bra ver til å vera november. Så eg la i veg med jr i vogna og kosa meg (som eg pleier) med fotoapparatet på turen. Alltid noko artig å ta bilde av, og så ser ein jo skjønnheten endå bedre då. Eg e jo egentlig ikkje så glad i ridedyr, men måtte likavel dokumentera dei på turen i går. Synd med den stolpen føre hesten. Ja ja, eg har nå meir sansen for ulldyr...


tirsdag 3. november 2009

Skuffande, det blei bare stiv kuling...









På tross av litt vind blei det ikkje så mykje action som frykta og venta. Me var ute på besøk på kvelden og var vel heller litt nervøse, så me braut opp tidlig. Engstelsen for at antennen hadde skrapa opp det nye metalltaket slo ikkje til, heldigvis. Den einaste tingen som prøvde å stikka av var denne svarte baljen, den var på tur tidligare på dagen. Og fekk då plassert på seg 2 mursteinar, men det haldt ikkje, den trengte ein til for å halda roen. Sjølv om vinden ikkje blei så sterk som venta, er det lett å sjå på hekken av det har vore vind. Den er nå bare bær igjen, nokre få blader her og der. Men bøkehekken er standhaftig og held på bladene. Passer nok på at me skal få raka/samla opp løv heilt fram til våren igjen.

søndag 1. november 2009

Storm på veg?

I følge værmeldinga er det nå tid for litt mer vind enn det som er vanlig og ønskelig. Men foreløpig virker det som om det er litt stille før stormen. Eg var ein liten tur ute for å dokumentera og sjekka ut om noko kunne fyka rett i veret. Det kan jo vera litt kritisk med både uidentifiserte og identifiserte flygande objekter. Satser på at det går bra...

Rekner nok med at alle dei fine røde blada og bæra vil ta avgårde i kraftig vind.


Kan jo og bli spennande å sjå om denne står oppe i morgon....


onsdag 30. september 2009

Siste septemberdag og det er haust i lufta...

Eg hadde med meg kameraet då eg bare var ute og lufta Noah i går. Eit par gonger fram og tilbake i gata og ein svingom i hagen. Så sov han. Eg knipsa litt både her og der, og resultatet blei desse haustbildene:


tirsdag 11. august 2009

I år blir det bare med draumane...

Sit og ser gjennom bilete. Og dette var jo ganske så gode minne fra den vanlege sommar-heieturen. Men i år blir det bare med draumen. Orker ikkje å dra minien med alt pikkpakk inn der. Men han skal forhåpentligvis få leika seg mye på heia seinare...

søndag 2. august 2009

Det går vel mot haust...





Det er jammen fint med haust og. Eg var ein søndagstur på kongevegen tidlig i november i fjor. Roald var på jobb og det var vel egentlig ikkje så mange som hadde mulighet til å vera med. Så med selskap i Roald sitt speilreflekskamera la eg iveg. Fekk med meg nokre flotte haustfargar og ein fantastisk solnedgang. Litt eksperimentering førte til at nokre av dei mange bildene som blei tatt blei amatørmessige og fine. (Syns eg)