tirsdag 13. mars 2012

Vår, endelig...

Før jul satte vi inn ovn. Og det har vore deilig på dei kalde dagane. Søndag tente vi opp i ovnen og det var veldig varmt resten av dagen. Så det har vore ein suksess...
Vi har også endelig fått oss lampe på kjøkkenet...


Blir glad av desse herlige blomstene som presser seg opp i frisk luft:)

mandag 5. desember 2011

God adventstid

 Då var pakkekalenderen klar. Det er bare Junior som får nyte godt av den dette året. Snuppa er for liten. Mange av pakkane inneheld julekrybba til Playmo. Koselig
Garasjen er i bruk og ganske ferdig, mangler malingsstrøk og porter. Men det kjem plutselig på plass det og.
Adventsstjerna er godt plassert i vinduet. Det er så koselig nå som det er så mørkt på ettermiddag og kveldstid.
Lyngen står likefint ennå. Den blei planta til snuppa sin dåp i September. Fin plante det der...
Har vore på tur og bunnet to mosekuler som pynter opp trappa saman med lykta som blir satt ut på kveldane.
Junior er godt fornøyd med at han og har fått pynt inn på rommet sitt. Julehjertet er veldig stas. Kjekt for han det!

onsdag 5. oktober 2011

Tak

Framgang. Som den oppservante lesar vil sjå er det nå kome tak på deler av garasjen. Ut mot vegen er taket heilt på plass og på den andre sida er det godt påbegynt. Det hjelper på å ta nokon ferie dagar for husbonden, slik at han får unnagjort dette. Det skal bli herlig å sleppa å av-isa bilen i vinter.

torsdag 29. september 2011

Ferdig kledd...

Nå er garasjen ferdig kledd. Det mangler bare nokon pyntebord her og der... Det var litt godt å gå fra ein svart vegg til ein lys og fin vegg. Det gjorde noko med lyset som kjem inn i stua på kveldstid. Garasjen ligg jo så nærme stua at me nå er skjerma for det meste med innsyn i stua. Det er deilig.

onsdag 14. september 2011

Vips: der stod det ein garasje i tunet!


Forrige tirsdag når eg kom attende etter eit ærend. (Ærend = var sikkert ute på råls) Stod det plutselig ei sag i tunet og eit stilas var og dukka opp. Ikkje visste me at det i løpet av ei veke frå då skulle stå ein fiks ferdig halvferdig garasje i tunet. ( rettelse etter kommentar frå sjefen sjølv) Bildet under er ikkje tatt den tirsdagen, men ikkje lenge før. Og det var noko slik det såg ut i garasjen då. Bare murar og ein del materialer. Men ingen garasje...









Onsdagen blei veggene reist, slik som du ser her. Torsdagen kom takstolane med lastebil og blei pusla på plass på taket.






















4,5 arbeidsdag seinare, var det jammen ein heil garasje i tunet. Jammen sann, det går unna når ein først er igang. Nå skal det seiast at me har hatt eit veldig bra byggefirma som har reist og tetta garasjen for oss. 

Blei godt ja?

torsdag 8. september 2011

Det går framover

Nå er veggen isolert nesten heilt ferdig og kledd. Det merkes at lyden har blitt dempa kan du sei... Var det ein traktor eller var det ein bil som kjørte forbi, vanskeligare å sjeldna nå!

mandag 5. september 2011

Støyvegg mot den trafikkerte ring...

Nå er støyveggen snart i mål... Det vil sei, for kvar dag nærmar det seg meir og meir. Naboar har døypt veggen: den nye klagemuren og påstår at me vil finna bønnelappar stukket inn i nettingen. Det kan jo bli interessant. Grunnen er nok at frå gangsti/vegen verkar gjerdet veldig høgt. Men sidan tomta ligg høgare oppe verkar det ikkje så enormt frå vår side.