Viser innlegg med etiketten hobby. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hobby. Vis alle innlegg

onsdag 17. august 2011

Større tomt....

Husbonden har fortsatt karrieren med å gjera ting han ikkje kan. Han har no planert ut molda igjen etter støyping av mur og du for ei stor tomt me no har. Den minst 2 meter breie hekken er jo vekke. Me har jo snakka om det, men ikkje så lett å sjå føre seg. Men nå ser me det. Ganske mykje større tomt. For ein fotballbane dette er i ferd med å bli!!!
Kjerringa har og fortsatt med å gjera ting ho ikkje kan. Men nå trur eg jammen at eg har krangla nok med denne her. Nå skal den få ein pause og eg tar meg ein velfortjent pause etter å ha laga ei bukse til Jr. Den blei faktisk ikkje så verst viss du ser vekk frå at pynten blei sydd skeivt på, bukselommene til faren såg litt overkill ut til jr, den var allrede for kort, for mye stoff i rompa.... Ja, eg trur eg  må sei meg enig med husbonden. Start med noko litt lettare neste gong! Akkuratt nå er det takk og farvel til denne:
Jr har og fått kost seg i løpet av dagen. Sidan me hadde denne lettvekteren av ein gravemaskin på lån i eit døgn. Pappa sagde ned resten av hekken me hadde igjen, då fekk Jr sitta på gravemaskin. Hvilken lykke!


søndag 14. august 2011

Mur og sement...

Fredag blei det støpt mur der støygjerde skal komme. Det var ein travel dag for husbonden. Som forhåpentligvis har fått slapt godt av nå i helga.
For Jr er dette veldig spennende. Han er helt oppslukt i det som pappaen driver med. Og skal helst prøve ut alt det samme. Denne dagen blei ganske varm og Jr hadde då ein tendens til å spionera i vinduet, der fekk han med seg kva knapp som skulle trykkas på for å få gang på saga. Farlig, farlig med slike observante smågutter...

 Du gjør, pappa? Nysgjerrigheten lenge leve!!!
 Mens pappa hadde masse å forberede før sementbilen kom, prøvde me oss på å bygga hus av papp. Det var gøy ei lita stund, deretter blei det bollebagst. Men ingen av delene kan slå sementbilen som står og pumper ut noen meter unna....

Vel vi gjør ting vi ikke kan, komfortsona har foreløpig sigra. Har fått ferdigstilt denne jakka. Passer jo fint det, at den er ferdig nå!

tirsdag 9. august 2011

Når me gjer ting me ikkje kan...

Husbonden har starta på lydveggen som skal vende ut mot den trafikkerte vegen som går forbi tomta. Endelig kom materialen i begynnelsen av dagen i dag. Vi har venta og venta, så då var det godt å vakna til lastebillyd i morges. Nå er det igjen materiale rundt huset og arbeid på gang... Spennande. Gler meg veldig til å få opp lydvegg. Ganske mykje støy frå trafikken! Særleg når ein er ute i hagen og ønsker å snakka...


Forskjellen på husbonden og kjerringa i dette huset er at husbonden har ein fantastisk evne til å setja seg inn i korleis ting skal vera før han sett igang. Noko kjerringa ikkje har. Og når inspirasjonen kjem er det bare å hiva seg utpå, så går det med kjerringa som det så ofte gjer, ikkje heilt som planlagt i gjerningsaugneblinken. Då er det tilbake til komfortsona. Men men nå får me sjå om me klarar å overvinna frykten for å mislykkas. I dag er det store prosjektet å prøva å sy noko. Har ikkje sett meg veldig inn i dette nei, så det er bare å kjøra på... (som dåkke ser...)

Tanken om gjenbruk av kler me skal forkasta er sterk motivasjonsfaktor her. Nå får me sjå kor lenge den miljøtanken held...