søndag 28. februar 2010

Ny tom kontainer fredag føremiddag...
















...lørdag kveld var den full. Me fekk arbeidsgleden og rivelysten over oss, og satte igang igjen. 2. etasje var nok ei gong den delen av huset som fekk gjennomgå. Me reiv jo ein del der for ei veke si, men ennå stod vegger og reisverk att. I tillegg stod det gamle herlige sikringsskapet der med ein "flott kvelerslange" av ein hovedledning som har blitt flytta ørten gonger si me starta sjauen. Nå er alt dette historie. Godt husbonden har "elektriske fingre", for kjerringa er helst redd for støt bare ved skifte av lyspære. Dette heng saman med ein karamell for 1,5 år sidan då me flytta til dette huset.

Nå gjenstår det så lite riving at vi offisielt sier oss ferdig med riving. Det er tid for å fylle inn med GLAVA og starte gjenoppbygginga. Kjerringa drøymer om det nye huset som me håper å bu i etter sommeren. GLEDER MEG VELDIG!

torsdag 25. februar 2010

Det minker på det gamle viervegen25
















Nok ein kontainer er fylt til randen. Hvis du skal renovere eit hus, husk å legge inn ein egen budsjettpost som heter kontainer og kontainerleige. Det blir fort nokon lass ;-)

Nå er det ikkje mye igjen av det gamle huset. Det minker og minker. 2. etasje er så og sei heilt open og endå er det meir som må rivas og hivas i kontainer...

Men det er godt at me driv og bygg opp igjen og nå. Det er ikkje bare motiverande å riva ned og riva ned, for då virkar jobben endå større for å bygga opp igjen. Eg som ikkje egentlig er hjernen bak operasjonane, blir veldig motivert av å sjå reisverket til veggane i 1. etasje. Ja ja, ha ein trivelig torsdag.

tirsdag 23. februar 2010

Pyslerier i disse OL-tider!










I haust lærte eg meg å hekla. Det er faktisk veldig artig. Eg har nå fått litt rutine på dette med å hekle babyballar og har utvida min egen produksjon med å hekle rangler etter eget mønster. Siste ankomne er blomsten. Nå venter eg bare på ei bok som skal komma i posten med hekleoppskrifter på amigurumi... Gleder meg...

Inspirasjon til heklinga har eg fått på Garnstudio sine sider:

søndag 21. februar 2010

Riving i 2. etasje

Litt avfall i 1. etasje etter at gutta har kost seg i 2. etasje. Var ganske vanskelig å komma seg til utgangsdøra... 



For ein jobb de gjorde. Betong golvet etter eit bad som har vore i 2 etasje måtte meislas opp og det var min yngste bror som stod for den jobben. Heldig for oss at han såg syn på å starta på den jobben, for det såg me litt mørkt på. Men nå er betonggolvet vekke og det er bare reisverk til vegger igjen der oppe. Så nå nærmer det seg tid for oppbygging der og. Men me må riva litt til først. Takk for jobben og innsatsen gutta. Well done!

onsdag 17. februar 2010

Eg komme og tar deg...

Syns dette bilde blei ganske artig. Lekte meg litt med husbonden sitt kamera og skulle bare fange jr i et avslappa øyeblikk. Men det varte ikkje så lenge. 

mandag 15. februar 2010

Gamle kloakkrør, good bye!

I helga enda dei gamle kloakkrøra i kontainaren. Det var litt av ein jobb for husbonden. Slike rør veg ganske så mykje. Så det måtte stropper til, husbonden brukte taljeprinsippet for å kunne fira ned det tunge togreina røyropplegget du ser øverst på bildet. (vekt mellom 50 og 100 kg?) Kjekt for meg å sjå fysikkteori i aksjon. (lærartankar) Nå er det etterkvart klart for å legga opp avløp og "rør i rør" - rør til det nya badet og kjøkkenet. Så då må rørleggaren inn. Det skjer antakeligvis i mars eller april...

Morsdag og Valentines dag








Nydelige roser og ein flott engel kom i hus. Det varmer opp i desse forkjølelses tider. 

torsdag 11. februar 2010

Nå sko eg hatt ei dårlige sag og gått ut og sagd ned hekken...

Kanskje det til og med hadde fungert med ei neglefil?

Har litt aggresjon som vil ut. Hyggelig kveld på Hinna hos vennine enda med fryktelig mye innestengt aggresjon. Eg er jo ikkje ein person med mange sterke ord og uttrykk som eg smell i bordet når noko går meg i mot. Men det hadde vore godt å hatt litt hardt og krevande arbeid akkuratt nå. Ein boksesekk mottas gjerne med takk!

Nå skal du høyre koss dette har seg, det har ingenting med vennina mi å gjera. Alt var vel og koselig der. Veldig koselig, lenge si sist. Takk for hyggelig samvær. Så var det årsaken til denne aggresjonen då: Vennina mi bur på Hinna og eg parkerte ved Hinna Kyrkje, heilt inntil kyrkja faktisk. Etter eit hyggelig avbrekk kom eg tilbake til bilen, satte meg glad og fornøyd inn for å kjøyra heim. Ut i trafikken og salta vegar. Då er det greit med spylar veske. Vinduet mitt blei spylt og viska reint på den eine sida. PÅ BARE DEN EINE SIDA. Nokon har vore og BREKT AV vindusviskaren på førarsida. AT DET GÅR AN Å VER SÅ ..... EG FINN IKKJE ORD, ER BARE SINT!!!!!

Litt kveldsarbeid i går.

Fekk gjort litt arbeid oppe i går... Reiv litt og fekk meste satte opp reisverket til gjestedo. Det blir eit lite gjestedo og i forhold til dør kan dette bli litt interessant. me fant egentlig ut at det mest praktiske i forhold til plass var å ha sjalusidør, men det blir nok eit lite brukt toalett då....

fredag 5. februar 2010

Ikkje lenger bare eit stort åpent rom...

Det skjer ting oppe. Når vi nå går opp kjellertrappa og inn i 1. etasje møter vi ganske raskt på ein åpning i eit reisverk av ein vegg. Denne åpningen er ganske stor for den er laga for skyvedør. Men nå ser me konturane av kor stort kjøkkenet kjem til å bli. Det blir stort og godt.

Litt bilder av reisverket må til, sjølv om dei kanskje ikkje seier så mykje... Og det er  vanskelig å sjå koss dette heng saman. Då får eg bare sei at det er lov å ta ein tur innom og kikka....


onsdag 3. februar 2010

Snøkrystaller...
















"Snøkrystaller,
Snø som faller.
Snø på trærne,
Snø på klærne,
Snø på bakken...
Snø i nakken!"

Ei regle vi har lært i åpen barnehage. Det er godt med litt inspirasjon, kan jo ikkje komma på alt sjølv.

Me har eit ganske stort tun, det er mange fordeler med det. Men gjett kva for ei ulempa eg stifta nærmare bekjentskap med i dag.

mandag 1. februar 2010

Så blir det bryllup på oss i år også...

Grattis til broderen og dama som har forlova seg. Det skjedde 01.01.2010, men ringane blei først satt på i forrige veke og informasjonen blei dermed synlig. Dermed skal me få lov å gå i bryllup i år også. Så kjekt.