fredag 5. februar 2010

Ikkje lenger bare eit stort åpent rom...

Det skjer ting oppe. Når vi nå går opp kjellertrappa og inn i 1. etasje møter vi ganske raskt på ein åpning i eit reisverk av ein vegg. Denne åpningen er ganske stor for den er laga for skyvedør. Men nå ser me konturane av kor stort kjøkkenet kjem til å bli. Det blir stort og godt.

Litt bilder av reisverket må til, sjølv om dei kanskje ikkje seier så mykje... Og det er  vanskelig å sjå koss dette heng saman. Då får eg bare sei at det er lov å ta ein tur innom og kikka....


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar