Viser innlegg med etiketten Husbonden. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Husbonden. Vis alle innlegg

onsdag 17. august 2011

Større tomt....

Husbonden har fortsatt karrieren med å gjera ting han ikkje kan. Han har no planert ut molda igjen etter støyping av mur og du for ei stor tomt me no har. Den minst 2 meter breie hekken er jo vekke. Me har jo snakka om det, men ikkje så lett å sjå føre seg. Men nå ser me det. Ganske mykje større tomt. For ein fotballbane dette er i ferd med å bli!!!
Kjerringa har og fortsatt med å gjera ting ho ikkje kan. Men nå trur eg jammen at eg har krangla nok med denne her. Nå skal den få ein pause og eg tar meg ein velfortjent pause etter å ha laga ei bukse til Jr. Den blei faktisk ikkje så verst viss du ser vekk frå at pynten blei sydd skeivt på, bukselommene til faren såg litt overkill ut til jr, den var allrede for kort, for mye stoff i rompa.... Ja, eg trur eg  må sei meg enig med husbonden. Start med noko litt lettare neste gong! Akkuratt nå er det takk og farvel til denne:
Jr har og fått kost seg i løpet av dagen. Sidan me hadde denne lettvekteren av ein gravemaskin på lån i eit døgn. Pappa sagde ned resten av hekken me hadde igjen, då fekk Jr sitta på gravemaskin. Hvilken lykke!


søndag 14. august 2011

Mur og sement...

Fredag blei det støpt mur der støygjerde skal komme. Det var ein travel dag for husbonden. Som forhåpentligvis har fått slapt godt av nå i helga.
For Jr er dette veldig spennende. Han er helt oppslukt i det som pappaen driver med. Og skal helst prøve ut alt det samme. Denne dagen blei ganske varm og Jr hadde då ein tendens til å spionera i vinduet, der fekk han med seg kva knapp som skulle trykkas på for å få gang på saga. Farlig, farlig med slike observante smågutter...

 Du gjør, pappa? Nysgjerrigheten lenge leve!!!
 Mens pappa hadde masse å forberede før sementbilen kom, prøvde me oss på å bygga hus av papp. Det var gøy ei lita stund, deretter blei det bollebagst. Men ingen av delene kan slå sementbilen som står og pumper ut noen meter unna....

Vel vi gjør ting vi ikke kan, komfortsona har foreløpig sigra. Har fått ferdigstilt denne jakka. Passer jo fint det, at den er ferdig nå!

tirsdag 9. august 2011

Når me gjer ting me ikkje kan...

Husbonden har starta på lydveggen som skal vende ut mot den trafikkerte vegen som går forbi tomta. Endelig kom materialen i begynnelsen av dagen i dag. Vi har venta og venta, så då var det godt å vakna til lastebillyd i morges. Nå er det igjen materiale rundt huset og arbeid på gang... Spennande. Gler meg veldig til å få opp lydvegg. Ganske mykje støy frå trafikken! Særleg når ein er ute i hagen og ønsker å snakka...


Forskjellen på husbonden og kjerringa i dette huset er at husbonden har ein fantastisk evne til å setja seg inn i korleis ting skal vera før han sett igang. Noko kjerringa ikkje har. Og når inspirasjonen kjem er det bare å hiva seg utpå, så går det med kjerringa som det så ofte gjer, ikkje heilt som planlagt i gjerningsaugneblinken. Då er det tilbake til komfortsona. Men men nå får me sjå om me klarar å overvinna frykten for å mislykkas. I dag er det store prosjektet å prøva å sy noko. Har ikkje sett meg veldig inn i dette nei, så det er bare å kjøra på... (som dåkke ser...)

Tanken om gjenbruk av kler me skal forkasta er sterk motivasjonsfaktor her. Nå får me sjå kor lenge den miljøtanken held...

onsdag 18. mai 2011

Hipp hipp hurra for 17. mai!

Hipp hipp hurra for pølser og is!

mandag 4. oktober 2010

Begynnelsen på slutten...?

Snart enden på kjellerlivet... Vi er fortsatt kjellerboere, men ikkje så mye lenger. (forhåpentligvis) Vi venter og venter på at siste rest av dørkarmane skal komma. Me hadde fått dørkarmane, men så var dei feil og nå har me virkelig fått testa tålmodigheten... For det har tatt tid å få desse delane av dørkarmane.



Uansett, i helga fekk me henta ein del av kjøkkenkassane og begynt å stabla inn i kjøkkenskapene. Det var herlig å sjå at det fylles i hyller og skap. I kveld har badet blitt vaska og dei siste dør og vinduskarmane er malte. (Vente vente på dei siste fem...)

søndag 12. september 2010

Endå nermare...

Stua er nå ferdig lista rundt vindauga og alt det elektriske er klart med unntak av lamper som skal henga ned. Dei kjem nok etter litt oppsparing. Hehe. Nå gjenstår det bare å lista langs gulvet, og sparkla og mala vinduslistene. Me har fått beskjed om at møblene venter på å flytta inn...

Kjøkkenet manglar fortsatt lister og nokre kvitevarer. Ellers er vatn og det elektriske på plass. I går blei benkeplata behandla, svigerfar gjorde ein enorm jobb med den. Fantastisk glatt og fin nyolja benkeplate. 

Ny inngangsdør er satt inn og byggefirmaet har vore og finjustert den. Husbonden har gjort ein kjempejobb med å tetta rundt døra. Så då trengs det bare nokre lister her. 

Kontoret har fått parkett og lys. Skinne i taket og lys i veggane som fungerer som godt lys på kveldstid og natta om nødvendig. 

lørdag 4. september 2010

Lørdag er jobbedag...

I dag legges parketten i stova... Jippi. Min mellomste bror er med og fikser. Ellers har me fått fiksa så smått litt undervegs i veka, men det har vore egentlig lite på grunn av sjukdom... Men nå skal det ta seg opp:)... Det som er fiksa før er, ytterdøra er satt inn og vask på gjestetoalettet er på plass. Bilde av det sistnevnte:
Bilder fra dagens arbeid: 
Takk for hjelpa nok ei gong broder, og takk for lånet til fruen:)



mandag 23. august 2010

Inspirerende arbeid...

For tida jobber vi med listing, sparkling av lister og maling. Det er ganske inspirerende å sjå kor ferdig og fint det blir med det lille ekstra arbeidet som er nå. Kjekt og motiverande.

I dag har vi hatt besøk av gulvslipere og murer. Så nå er golvene i 2. etasje slipte og fløtne. På ettermiddagen kom ein murer og pusste pipa. Det blei skikkelig bra, så nå gjenstår det bare for oss å male den. Planen er ein kvitfarge... Hvis du har vært så heldig, eller kanskje me nå skal sei uheldig å ha sett den pipa som var før, så er dette jammen eit vanvittig løft... Fytti så bra det blei!

torsdag 19. august 2010

Lyse tider...

I dag då eg kom til bilen var det litt mindre luftrom enn vanlig. Husbonden hadde nemlig vore og henta elektriske duppeditter. Og det var jo kjekt, for i dag kom broder og satte opp spottane i kjøkkenet og på gangen. I gangen går spottane på av seg sjølv. Det er nok noko som kjeme til å imponera jr... Blir spennande å sjå...












Ellers er noe av parketten kommet, mens den andre vi hadde bestilt ikke vil komme før i slutten av oktober. Det skal visst være på grunn av råvaremangel.  Interessant, egentlig... Men ikkje nokon kjekk nyhet... I dag har me fått bærehjelp for å få parketten i hus iallefall. Det faller jo litt regn så godt med gode brødre i nærheten. Takk for hjelpa. 

onsdag 11. august 2010

Jaddaaaa så, neeeida så...
















Ja, sånn var det verkeleg det skulle vera. Teikningen har vore inspirasjon for mange draumer og fantasiar om matlaging og stulling og stelling på det nye kjøkkenet. Og tenk det blir jo endå bedre i røynda. Og endå har me jo ikkje fått alt på plass. Dette blir digg.( Legg du godviljen til, så har du og mogelegheit til å sjå arbeidet til kjerringa i huset, legg merke til den nymalte trappa på bilete nr 2)  ;) Jaddaaaa så, neeida så... Husbonden gjere ein knakande god jobb, for eit flott kjøkken... Regninga var sjølvsagt og flott ;)

mandag 9. august 2010

Motivert husbonde...

Arbeidsforandring er motiverande. Dette var kjekt...

lørdag 31. juli 2010

Broder maler på besøk...

Nå er vi så heldige å få hjelp av Arvid igjen. Heldigvis. Det er godt å ha noen kyndige til å ta seg av gulvbelegg, våtromsbelegg og tapetsering...

Her er kjøkkenet ferdig tapetsert... Sjølve møblementet kjem om litt i overkant av ei veke. Håper inderlig av vi har fått parketten innan då, slik at me har fått lagt golvet. Spennande tider :)
Gulvbelegget på badet er snart iorden. Herlig. Det er det same gulvbelegget som me har lagt nede. Me er veldig fornøyd med det. Blir spennande å sjå koss det blir når veggvinylen kjem på. Eg er veldig spent på koss fargen blir i rommet. Det er jo ikkje så lett å sjå føre seg med ein liten lapp på 10*20 cm koss eit heilt rom blir med den fargen. Er litt engstelig nå rett før det skal på veggen. Tenk om det blir heilt feil... Ja ja, ikkje noko å gjera med det nå...
Ellers har me jo fortsatt maleprosjekt: i går blei trappa grunna. Den har skifta farge allerede ei gong si me kjøpte huset for 2 år sidan. Den var mørk rød og blei grå-lilla, nå er den grunna i kvitt.... Og skal bli eggekvit, tenker på å kanskje male noko av gelenderet i ein mørk brunfarge...




fredag 23. juli 2010

Bytte av byggeplass...

Det bygges en "liten" tilleggsterrasse. Garasjen i bakgrunnen har gjennom høst, vinter og vår hatt litt problemer med vann som renner under og graver ut massen. Dermed måtte det mures opp og støypes og styres for at ikke garasjen skulle endre tilholdssted. I det tilfellet ble det en aldri så liten  betongplatting g ved siden av garasjen og et stup av en mur på enden. Så nå bygges det en fantastisk treplatting som skal fungere som lekegrind for farmor og farfars (mormor og morfars) barnebarn. En dags arbeid er snart til ende. Noen terrassebord er på plass og dette ser jo ut til å bli et gunstig tilbud til den travle helten vår. Han trenger nemlig en ganske stor tumleplass. Dette blir digg...

onsdag 21. juli 2010

Tak og vegger...

Fytti nå skjer ting fort. Eller kanskje me skal sei at nå ser me veldig fort forandringer...
Alle rom er ferdig sparkla og veldig mange er til og med ferdig pussa. I løpet av tirsdagkveld blei gipstaka malt, husbonden er i dette øyeblikk i ferd med å ferdigstille det siste taket som skal ha panel. Tid for å male og tapetsere...


Eg har tatt ansvar for å male på kjøkkenet. Bare grunning dette, men kunne fint hatt denne fargen...