søndag 31. januar 2010
torsdag 28. januar 2010
Klar, ferdig, gå...
I dag kom det mer material til "gards", så då nermar det seg meir byggearbeid. Gleder meg til å sjå veggar som kjem opp og riving i 2. etasje. Har vore så travelt i det siste både for husbonde og kjerring, så det har ikkje skjedd så mykje. Eg er vel kanskje den som skryt på meg det lille arbeidet eg får gjort. Men det er vel ikkje eg som står for dei heilt store endringane i byggearbeidet. Har heldigvis ein flink husbonde...
Iallefall i dag kom kranbil med masse varer. Og då måtte me jo ut og kikka.
På med dress og lua fra Sør Amerika.
Material på sida av huset, greit med enorm krane, då slepp me (les husbonden) å bera det ned der resten av materialen ligg. Men det var visst litt mykje, så me får litt bere-arbeid alikavel. Ja ja
onsdag 27. januar 2010
Mildvær, jippi....
I dag har det vore herleg mildvær. Eg såg ut av vindauga og fekk auga på grøne grasstrå stikkande opp og det blei bare meir og meir utover dagen. Meir og meir av plenen vart synleg. Sol og regn for ikkje å snakka om plussgrader. Humør og glede auka enormt. Eg og Jr måtte bare ut med vogna. Fantastisk, trudde eg.
Herleg å komma seg ut, stod absolutt til forventningane. Heilt til me gjekk ut av gardstunet og skulle trilla vogna. Det har ikkje vore noko problem at gangstiar ikkje har vore brøyta for det har jo vore hardpakka uansett. Men i dag var det ikkje mogeleg å ta dei vanlege vegane. Det var minst 15 cm med blaut blaut snø. Umulig å både skua og dra vogn. Vel vel, så måtte eg snu og gå sykkelstiar langs vegen då.
Det skulle visa seg at til og med sykkelstiar ønska å vera ei utfordring. Eg såg heldigvis ein mann som prøvde seg på dammen her på bilde. Han gjekk i snøen på venstre sida, det plaska godt og han var rimelig blaut. Eg fekk streng beskjed om å gå ut i vegen og ikkje gå på sykkelstien. Så sånn blei den trilleturen. Ikkje heilt så enkel som forventa. Men det var HERLIG MILDVER og det gjorde seg. Jr sov godt i vogna. Bloggaward

Me har fått ein kreativ bloggaward fra ei barndomsvennine. Det fungerar som ein slags kjedegreier, klikk på overskrifta så ser du utfordringa. Eg har jo fått ein del kjedemailar på epost, og dei har aldri komt vidare. (Med kanskje to unntak!?!) Men nå blir det litt vel synleg om eg ikkje sender vidare....
Det er to reglar for denne awarden: eg skal skrive 7 ting om meg sjølv og så skal eg senda den vidare til 7 andre. Dette er jo ikkje den mest private bloggen vår, dermed blir ikkje informasjonen så veldig privat. Men her er altså 7 opplysningar om kjerringa i huset.
- Kristen
- Veldig glad i håndarbeid: hekle, strikke
- Blei visst hønemor på tross av idear før jr kom.
- Spelegal (spesielt strategi-brettspill) DOMINION
- Glad i å lage kort og Scrappe
- Er mer rotete enn eg liker å innrømme, mellomstasjoner er aktivt brukt.
- Liker å gå med lange strikkejakker
- Liker ikkje sånne kjedegreier, og sidan eg er meg sjølv lik. Så sende eg visst ikkje denne vidare. Skikkelig kjedelig Kjerring.
mandag 25. januar 2010
Takhøgde...
Det blir god takhøgde i stova. Har vore oppe og sett litt for å tenka litt koss det blir. Og så måtte eg bare måla kor god takhøgden blir, sidan heile taket nå blir skrått vil det innerst bli ganske høgt. Når eg målte fekk eg det til å bli 3.96. Men så skal det jo lektas ned i taket og på med gips og det skal trinndemping e.l. + parkett på gulvet. Dette blir spennande. Og for ei god stove me får. Eg gleder meg....
lørdag 23. januar 2010
Det ryddes oppe.
Har ikkje fått gjort så mykje i huset i det siste, nokre spikrar er blitt trukket opp av gulvet og ut av veggbjelkar. Og det er også blitt pakka ned nokre fleire kassar i 2. etasje. Det blir fullere i kjelleren, litt av årsaken til det er jo Perfect Home, men me har og tatt ned ein "karusell". Eit skap med speil på ei side og hyller på andre sider. Denne har me hatt det litt løye med i dag.
tirsdag 19. januar 2010
Innvendige vegger + riving...
Det nye året er godt i gang og det er jo vi også. Vi har faktisk fått gjort en del i jula på huset. Omtrent hele 1. etasje er blitt isolert. Vi har fått hjelp av Magne og Svigerfar. Ellers har det jo vært en del jobbing med å kimse på det gamle reisverket for å få det til å passe inn i 60 cm system. Det er jo ingenting som stemmer på cm her. Men nå blir det nok bedre. Vi har ikkje rekna med at det skulle bli så mye ekstra her og der, dermed har det jo også gått med en del materiale som vi egentlig hadde tenkt å bruke på de invendige veggene. Men nå er det altså tomt. Så det er litt stilstand i arbeidet. Det vil sei: vi rydder og gjør klar til riving i 2. etasje.
Her er bilde av kjøkkenvegg ut mot inngangsparti. Gjekk tom for materiale før denne blei heilt ferdig.
Dette er bilde av ny inngang til stua fra kjøkkenet. Reisverket til veggen er heilt oppe. Og opningen er klar for skyvedør som er 90 cm brei. Det går så vidt...
Her er bilde av kjøkkenvegg ut mot inngangsparti. Gjekk tom for materiale før denne blei heilt ferdig.
Då nermer det seg tid for å tenke på det elektriske og på ventilasjon før gipsing og diverse anna arbeid i 1. etasje. Skal bli digg... Eg har litt fleire spikrar å dra opp. Har ikkje fått gjort så mye med det på 1 1/2 veke nå....
tirsdag 12. januar 2010
Drømmesuppe...
Hadde besøk av gode venniner her om kvelden. Me koste oss med drømmesuppe og sjølvsagt blei dei utsatt for DOMINION. Me hadde det veldig kjekt, takk for ein fin kveld ladies. Begge var veldig fornøyd med suppa og ville gjerne ha oppskrifta, så då legg eg den ut her.
DRØMMESUPPE:
1 pk kjøttdeig
1 paprika
1 purre
1 løk
1 l vatn
1 buljongterning
2 kremost - krydder
2 kremost - naturell
Brun kjøttdeigen. Fres grønnsakene. Ha alt i ei gryte og gje det eit oppkok samman med vatn og buljong. Ha deretter i osten og gje eit nytt oppkok. Smak til med salt og pepper...
DRØMMESUPPE:
1 pk kjøttdeig
1 paprika
1 purre
1 løk
1 l vatn
1 buljongterning
2 kremost - krydder
2 kremost - naturell
Brun kjøttdeigen. Fres grønnsakene. Ha alt i ei gryte og gje det eit oppkok samman med vatn og buljong. Ha deretter i osten og gje eit nytt oppkok. Smak til med salt og pepper...
lørdag 9. januar 2010
Må prøve det, bare må prøve det....
Dette spelet, DOMINION, tar bare heilt av. Me er hekta så det held og alle dei stakkarane som våger seg innafor døra hos oss, eller er så snille å forbarme seg over oss slik at me kjem oss ut, får lov å bli opplært i dette spelet. Det er kort, det er ganske raskt og det består av bare kort. Kan absolutt anbefala dette spelet. GENIALT.
Spelet kan og godt få skulda for at bloggen ikkje har blitt oppdatert så hyppig i det siste, men om det er den egentlige grunnen skal vera usagt....
Spelet kan og godt få skulda for at bloggen ikkje har blitt oppdatert så hyppig i det siste, men om det er den egentlige grunnen skal vera usagt....
mandag 4. januar 2010
Renoveringsglede
Det er mange rare ting ein skal oppleva når ein først skal renovera eit gamalt hus. Det er vel helst Husbonden som får dei fleste opplevingane, men i kveld har eg og fått bidratt litt. Me har revet opp gulvplatene på gulvet. (med me, meiner eg sjølvsagt husbonden og hverken kjerringa eller jr) Når desse blei revet opp viste det seg at den forrige eigeren har hatt litt av ein jobb med å festa desse platene. Golvet er pepra med små spiker for at desse liksom skal henga fast. Men det var relativt lett å riva dei opp, platene altså. Synd at ikkje desse pepperkorna av nokre spikrar fulgte med. Men i kveld har altså undertegnede (kjerringa) hatt ein herleg "trekke opp spiker av golvet"-kveld. Med eit lite overslag viste det seg at eg hadde fått opp over 1000 spikrar, og eg har endå over 2/3 igjen av golvet. Lucky me, hehe. Husbonden jobba i mellomtida med å sette opp plank med 60cm mellomrom, slik at det blir mulig å henge gips på veggen. Det er visst ingen plass vi kan glede oss over å bruke det som allerede er i huset frå før. Vel vel, gleden ved å totalrenovere eit hus...
Etiketter:
Bare vås,
Husbonden,
huset,
Renovering,
Rydding
Abonner på:
Innlegg (Atom)














.jpg)
