Det er mange rare ting ein skal oppleva når ein først skal renovera eit gamalt hus. Det er vel helst Husbonden som får dei fleste opplevingane, men i kveld har eg og fått bidratt litt. Me har revet opp gulvplatene på gulvet. (med me, meiner eg sjølvsagt husbonden og hverken kjerringa eller jr) Når desse blei revet opp viste det seg at den forrige eigeren har hatt litt av ein jobb med å festa desse platene. Golvet er pepra med små spiker for at desse liksom skal henga fast. Men det var relativt lett å riva dei opp, platene altså. Synd at ikkje desse pepperkorna av nokre spikrar fulgte med. Men i kveld har altså undertegnede (kjerringa) hatt ein herleg "trekke opp spiker av golvet"-kveld. Med eit lite overslag viste det seg at eg hadde fått opp over 1000 spikrar, og eg har endå over 2/3 igjen av golvet. Lucky me, hehe. Husbonden jobba i mellomtida med å sette opp plank med 60cm mellomrom, slik at det blir mulig å henge gips på veggen. Det er visst ingen plass vi kan glede oss over å bruke det som allerede er i huset frå før. Vel vel, gleden ved å totalrenovere eit hus...

.jpg)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar