Det er blitt september, og dermed haust. Kor blei sommeren av? I dag regner det, ikkje sånn øs pøs, men jevnt og forsiktig. For lite til at ein egentlig vil ta regnklede på for å hente posten, men likevel nok til at ein kjenner fuktigheten inn til huden når posten er i hus. Egentlig hadde det vore deilig å trekkja eit teppe godt over seg, sitja inne og nyta ein kopp varm sjokolade.
Vel, ikkje tid til sånt. I dag har det blitt rydda litt ute. Me har lasta opp tilhengjaren med alle vindauga som har blitt fjerna frå huset. Dei har stått litt rundt omkring. Og nå skal dei altså leveras inn på søppelhaugen, til gjenvinning eller noko. Minsten har hatt det godt og varmt i sin lune ullpose i vogna. Såg herlig ut å vera inni der. Bagen har nok hatt sine siste minutt på hjul. Blir nok bare benytta inne nå, til nokre melkelurar på dagen.