Viser innlegg med etiketten bloggfyll. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bloggfyll. Vis alle innlegg

mandag 14. februar 2011

Små lykkeøyeblikk...

I god "Haba haba" ånd har eg fått dokumentert alle mine små lykkeøyeblikk for tida:
Det er dei små ting i livet som gjør oss lykkelig...

Eg blir veldig glad av desse små vårglimta, sjølv om dei er inne og vinden uler ute. Sofaen på loftet dansa i takt med vinden medan eg såg på nyhetene. Frys bare av tanken på susinga og ulinga frå vinden.
Fekk denne herlige buketten av naboar i innflyttingsoppmerksomhet... Herlig. Takk takk...

Orkidear er ein nydelig blomst når den blomstrer. Sjekk den herlige fargen, til å bli glad av. 


Billige roser på Mega for tida. Det er heller ikkje å forakta... 

Ikkje det mest hyggelige bilde, mørkt og vanskelig å sjå kva dette er. Men eg måtte bare... Ventilasjonsrøyr i hagen har låge innpakka i presening sidan me blei så og sei ferdige med huset. Dei har vore under og over snøen. Og preseningen har holde ganske bra i all slags ver fram til dei siste "tider". Frå i går til i dag er stortsett heile ventilasjonsrøyra oppe i dagen. Vinden har flerra opp heile preseningen. Små øyeblikk for å skape lykke, kanskje ikkje... Men eg syns det blei litt morsomt. Så då måtte det bare med. 


Storfan av snølykta frå perfekt Home. Digger denne altså. Den får nok henge til vårblomstene er godt synlige ute. 

torsdag 1. juli 2010

Små tilbakeblikk, mens vi venter...

Dette var for nøyaktig ett år sidan. Me har jo kome litt langt...
Nå skrus dei gamle borda i gulvet for harde livet, vi vi ha stivt gulv... Snart kjem snekrane for å gipse, gulvfolk for å sparkle og flyte gulv og broder A for å sparkle, male og tapetsere. Herlig... Men enn så lenge, sjå koss det var for eit år sidan. Godt me ikkje er der ennå....

mandag 21. juni 2010

Hastverk og multitasking...

Kjære kjære bakebollen min. Jeg beklager at jeg i dag utsatte deg for en uutholdelig situasjon som gjorde at du måtte gi tapt. Du har vært en kjær og trofast venn i hver bakende stund.
 I dag ble bakebollen til serveringsbolle med spesial serveringslokk. Jeg skal ta patent på oppfinnelsen, så om du tenker å gjøre det samme: GJØR DET FORT!  :) Slik, smelt litt smør i en gryte. Skru av og bruk smøret til det du trenger å bruke det til. Sett bakebollen med lokket under tilfeldig til sides, som tilfeldigvis er på den varme plata. Reager når du kjenner den deilige lukta og følelsen av smelta plast. 

(Ser ut som om det tupperware selskapet eg skal i på mandag, kom i grevens tid)

mandag 15. februar 2010

Morsdag og Valentines dag








Nydelige roser og ein flott engel kom i hus. Det varmer opp i desse forkjølelses tider. 

onsdag 27. januar 2010

Mildvær, jippi....













I dag har det vore herleg mildvær. Eg såg ut av vindauga og fekk auga på grøne grasstrå stikkande opp og det blei bare meir og meir utover dagen. Meir og meir av plenen vart synleg. Sol og regn for ikkje å snakka om plussgrader. Humør og glede auka enormt. Eg og Jr måtte bare ut med vogna. Fantastisk, trudde eg.













Herleg å komma seg ut, stod absolutt til forventningane. Heilt til me gjekk ut av gardstunet og skulle trilla vogna. Det har ikkje vore noko problem at gangstiar ikkje har vore brøyta for det har jo vore hardpakka uansett. Men i dag var det ikkje mogeleg å ta dei vanlege vegane. Det var minst 15 cm med blaut blaut snø. Umulig å både skua og dra vogn. Vel vel, så måtte eg snu og gå sykkelstiar langs vegen då.


Bloggaward











Me har fått ein kreativ bloggaward  fra ei barndomsvennine. Det fungerar som ein slags kjedegreier, klikk på overskrifta så ser du utfordringa. Eg har jo fått ein del kjedemailar på epost, og dei har aldri komt vidare.  (Med kanskje to unntak!?!) Men nå blir det litt vel synleg om eg ikkje sender vidare....

Det er to reglar for denne awarden: eg skal skrive 7 ting om meg sjølv og så skal eg senda den vidare til 7 andre. Dette er jo ikkje den mest private bloggen vår, dermed blir ikkje informasjonen så veldig privat. Men her er altså 7 opplysningar om kjerringa i huset.
  1. Kristen
  2. Veldig glad i håndarbeid: hekle, strikke 
  3. Blei visst hønemor på tross av idear før jr kom.
  4. Spelegal (spesielt strategi-brettspill) DOMINION
  5. Glad i å lage kort og Scrappe
  6. Er mer rotete enn eg liker å innrømme, mellomstasjoner er aktivt brukt. 
  7. Liker å gå med lange strikkejakker
  8. Liker ikkje sånne kjedegreier, og sidan eg er meg sjølv lik. Så sende eg visst ikkje denne vidare. Skikkelig kjedelig Kjerring.  

mandag 25. januar 2010

Takhøgde...





Det blir god takhøgde i stova. Har vore oppe og sett litt for å tenka litt koss det blir. Og så måtte eg bare måla kor god takhøgden blir, sidan heile taket nå blir skrått vil det innerst bli ganske høgt. Når eg målte fekk eg det til å bli 3.96. Men så skal det jo lektas ned i taket og på med gips og det skal trinndemping e.l. + parkett på gulvet.  Dette blir spennande. Og for ei god stove me får. Eg gleder meg....