I dag har det vore herleg mildvær. Eg såg ut av vindauga og fekk auga på grøne grasstrå stikkande opp og det blei bare meir og meir utover dagen. Meir og meir av plenen vart synleg. Sol og regn for ikkje å snakka om plussgrader. Humør og glede auka enormt. Eg og Jr måtte bare ut med vogna. Fantastisk, trudde eg.
Herleg å komma seg ut, stod absolutt til forventningane. Heilt til me gjekk ut av gardstunet og skulle trilla vogna. Det har ikkje vore noko problem at gangstiar ikkje har vore brøyta for det har jo vore hardpakka uansett. Men i dag var det ikkje mogeleg å ta dei vanlege vegane. Det var minst 15 cm med blaut blaut snø. Umulig å både skua og dra vogn. Vel vel, så måtte eg snu og gå sykkelstiar langs vegen då.
Det skulle visa seg at til og med sykkelstiar ønska å vera ei utfordring. Eg såg heldigvis ein mann som prøvde seg på dammen her på bilde. Han gjekk i snøen på venstre sida, det plaska godt og han var rimelig blaut. Eg fekk streng beskjed om å gå ut i vegen og ikkje gå på sykkelstien. Så sånn blei den trilleturen. Ikkje heilt så enkel som forventa. Men det var HERLIG MILDVER og det gjorde seg. Jr sov godt i vogna. 

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar