Nå er garasjen ferdig kledd. Det mangler bare nokon pyntebord her og der... Det var litt godt å gå fra ein svart vegg til ein lys og fin vegg. Det gjorde noko med lyset som kjem inn i stua på kveldstid. Garasjen ligg jo så nærme stua at me nå er skjerma for det meste med innsyn i stua. Det er deilig.
torsdag 29. september 2011
onsdag 14. september 2011
Vips: der stod det ein garasje i tunet!
Onsdagen blei veggene reist, slik som du ser her. Torsdagen kom takstolane med lastebil og blei pusla på plass på taket.
4,5 arbeidsdag seinare, var det jammen ein heil garasje i tunet. Jammen sann, det går unna når ein først er igang. Nå skal det seiast at me har hatt eit veldig bra byggefirma som har reist og tetta garasjen for oss.
Blei godt ja?
torsdag 8. september 2011
Det går framover
Nå er veggen isolert nesten heilt ferdig og kledd. Det merkes at lyden har blitt dempa kan du sei... Var det ein traktor eller var det ein bil som kjørte forbi, vanskeligare å sjeldna nå!
mandag 5. september 2011
Støyvegg mot den trafikkerte ring...
Nå er støyveggen snart i mål... Det vil sei, for kvar dag nærmar det seg meir og meir. Naboar har døypt veggen: den nye klagemuren og påstår at me vil finna bønnelappar stukket inn i nettingen. Det kan jo bli interessant. Grunnen er nok at frå gangsti/vegen verkar gjerdet veldig høgt. Men sidan tomta ligg høgare oppe verkar det ikkje så enormt frå vår side.
Abonner på:
Innlegg (Atom)










