Då var pakkekalenderen klar. Det er bare Junior som får nyte godt av den dette året. Snuppa er for liten. Mange av pakkane inneheld julekrybba til Playmo. Koselig
Garasjen er i bruk og ganske ferdig, mangler malingsstrøk og porter. Men det kjem plutselig på plass det og.
Adventsstjerna er godt plassert i vinduet. Det er så koselig nå som det er så mørkt på ettermiddag og kveldstid.
Lyngen står likefint ennå. Den blei planta til snuppa sin dåp i September. Fin plante det der...
Har vore på tur og bunnet to mosekuler som pynter opp trappa saman med lykta som blir satt ut på kveldane.
Junior er godt fornøyd med at han og har fått pynt inn på rommet sitt. Julehjertet er veldig stas. Kjekt for han det!
Viser innlegg med etiketten Ute. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ute. Vis alle innlegg
mandag 5. desember 2011
onsdag 17. august 2011
Større tomt....
Husbonden har fortsatt karrieren med å gjera ting han ikkje kan. Han har no planert ut molda igjen etter støyping av mur og du for ei stor tomt me no har. Den minst 2 meter breie hekken er jo vekke. Me har jo snakka om det, men ikkje så lett å sjå føre seg. Men nå ser me det. Ganske mykje større tomt. For ein fotballbane dette er i ferd med å bli!!!
Kjerringa har og fortsatt med å gjera ting ho ikkje kan. Men nå trur eg jammen at eg har krangla nok med denne her. Nå skal den få ein pause og eg tar meg ein velfortjent pause etter å ha laga ei bukse til Jr. Den blei faktisk ikkje så verst viss du ser vekk frå at pynten blei sydd skeivt på, bukselommene til faren såg litt overkill ut til jr, den var allrede for kort, for mye stoff i rompa.... Ja, eg trur eg må sei meg enig med husbonden. Start med noko litt lettare neste gong! Akkuratt nå er det takk og farvel til denne:
Jr har og fått kost seg i løpet av dagen. Sidan me hadde denne lettvekteren av ein gravemaskin på lån i eit døgn. Pappa sagde ned resten av hekken me hadde igjen, då fekk Jr sitta på gravemaskin. Hvilken lykke!
søndag 14. august 2011
Mur og sement...
Fredag blei det støpt mur der støygjerde skal komme. Det var ein travel dag for husbonden. Som forhåpentligvis har fått slapt godt av nå i helga.
For Jr er dette veldig spennende. Han er helt oppslukt i det som pappaen driver med. Og skal helst prøve ut alt det samme. Denne dagen blei ganske varm og Jr hadde då ein tendens til å spionera i vinduet, der fekk han med seg kva knapp som skulle trykkas på for å få gang på saga. Farlig, farlig med slike observante smågutter...
Du gjør, pappa? Nysgjerrigheten lenge leve!!!
Mens pappa hadde masse å forberede før sementbilen kom, prøvde me oss på å bygga hus av papp. Det var gøy ei lita stund, deretter blei det bollebagst. Men ingen av delene kan slå sementbilen som står og pumper ut noen meter unna....
Vel vi gjør ting vi ikke kan, komfortsona har foreløpig sigra. Har fått ferdigstilt denne jakka. Passer jo fint det, at den er ferdig nå!
For Jr er dette veldig spennende. Han er helt oppslukt i det som pappaen driver med. Og skal helst prøve ut alt det samme. Denne dagen blei ganske varm og Jr hadde då ein tendens til å spionera i vinduet, der fekk han med seg kva knapp som skulle trykkas på for å få gang på saga. Farlig, farlig med slike observante smågutter...
Du gjør, pappa? Nysgjerrigheten lenge leve!!!
Mens pappa hadde masse å forberede før sementbilen kom, prøvde me oss på å bygga hus av papp. Det var gøy ei lita stund, deretter blei det bollebagst. Men ingen av delene kan slå sementbilen som står og pumper ut noen meter unna....
Vel vi gjør ting vi ikke kan, komfortsona har foreløpig sigra. Har fått ferdigstilt denne jakka. Passer jo fint det, at den er ferdig nå!
onsdag 9. mars 2011
Whaaaaaaaat? Snøøøøø?
Hmm, ikkje heilt med i planen dette her... Har snøa i fleire timar. Og eg hadde ein tanke om å vaska vinduar, nyta våren og greier... Skal ikkje stikka under ein stol at det har klødd litt i fingrane etter å planta nokon vårplanter i krukkene utafor. Nå veit et ikkje heilt om det er aktuelt i dag. I går kveld regna det sånn at det hørtes både på vinduer og tak. Vi har heldigvis sånt herlig tak som seier frå når det regner, så då blir følelsen av å sitta under eit pledd endå bedre. Trur kanskje at eg syns nedbør i form av snø var lika greit i dag, det blei jo så lyst og fint... Heilt reint ute liksom...


Det ser ikkje ut til at snøen skal bli verande i det uendelige... Er jo ganske glad for det då...

Særlig fint om snøen forsvinn slik at desse herlige får lov å fortsetje sin ferd fram i lyset... Det er herlig med vår.

fredag 4. juni 2010
Nabokattane...
Eg er nok ikkje overbegeistra for kattar, kan nok helst ver dei foruten. Men det er jo ikkje feil når jr viser slik stor begeistring. I ettermiddag skulle me ta kaffien ute mens Jr kunne kosa seg med stein og diverse anna moro. Men me ende opp med å jakta kattar i nesten ein time. Masse gåtrening blei det iallefall.
torsdag 20. mai 2010
favorittpynt...
Har fått pynta litt rundt huset. Plantasjen er ein fin plass med flotte potter. Var egentlig ferdig å planta i krukkene til 17. mai. Har bare ikkje fått visst det fram...
Eg er stor fan av blomsten til høgre. Bare så synd at det er så mange blomar som er billigare. Hadde to i fjor, men ser ut til at dei tok kvelden i løpet av vinteren. (hulk) Min mormor hadde store planter av denne i hagen, og det har nok satt sine spor....
Har også fått meg to sommerfugl-lavendel... Håper på å plante dei ut i hagen ein eller annan stad før vinteren i håp om at dei har lyst til å komma sterkt tilbake neste vår. (sånn halvvegs langsiktige mål)
Har også fått meg to sommerfugl-lavendel... Håper på å plante dei ut i hagen ein eller annan stad før vinteren i håp om at dei har lyst til å komma sterkt tilbake neste vår. (sånn halvvegs langsiktige mål)
mandag 29. mars 2010
Historie...
Det er snart gått to år sidan me kjøpte dette huset og flytta til område. Me har endra "bitte litt" på ting og tang i løpet av desse åra og mye er blitt historie. Nå kan me skriva historie over endå ein sak, sjølv om det ikkje er me som skal skryta på oss arbeidet bak denne endringa. Då me flytta hit var det mykje rart i hagen av buskar og buskas, og i tillegg var det ein enorm bøkehekk mot naboen. Noko av det første me gjorde etter nokon tydelige hint var å trimme denne hekken. For dei som lurer på om bøkehekk er tingen: jada, den er veldig tjukk og fin på sommeren. MEN: 1) sneglane elskar den. (sånne hagesneglar med sneglehus) 2)Vissent løv om hausten 3) Vissent løv om vinteren 4) vissent løv om våren 5) og kattane elskar å gjømma seg inni den, det er vel årsaken til den ufyselige lukta ute nå...
Før:
Før:
Nå:
torsdag 28. januar 2010
Klar, ferdig, gå...
I dag kom det mer material til "gards", så då nermar det seg meir byggearbeid. Gleder meg til å sjå veggar som kjem opp og riving i 2. etasje. Har vore så travelt i det siste både for husbonde og kjerring, så det har ikkje skjedd så mykje. Eg er vel kanskje den som skryt på meg det lille arbeidet eg får gjort. Men det er vel ikkje eg som står for dei heilt store endringane i byggearbeidet. Har heldigvis ein flink husbonde...
Iallefall i dag kom kranbil med masse varer. Og då måtte me jo ut og kikka.
På med dress og lua fra Sør Amerika.
Material på sida av huset, greit med enorm krane, då slepp me (les husbonden) å bera det ned der resten av materialen ligg. Men det var visst litt mykje, så me får litt bere-arbeid alikavel. Ja ja
onsdag 27. januar 2010
Mildvær, jippi....
I dag har det vore herleg mildvær. Eg såg ut av vindauga og fekk auga på grøne grasstrå stikkande opp og det blei bare meir og meir utover dagen. Meir og meir av plenen vart synleg. Sol og regn for ikkje å snakka om plussgrader. Humør og glede auka enormt. Eg og Jr måtte bare ut med vogna. Fantastisk, trudde eg.
Herleg å komma seg ut, stod absolutt til forventningane. Heilt til me gjekk ut av gardstunet og skulle trilla vogna. Det har ikkje vore noko problem at gangstiar ikkje har vore brøyta for det har jo vore hardpakka uansett. Men i dag var det ikkje mogeleg å ta dei vanlege vegane. Det var minst 15 cm med blaut blaut snø. Umulig å både skua og dra vogn. Vel vel, så måtte eg snu og gå sykkelstiar langs vegen då.
Det skulle visa seg at til og med sykkelstiar ønska å vera ei utfordring. Eg såg heldigvis ein mann som prøvde seg på dammen her på bilde. Han gjekk i snøen på venstre sida, det plaska godt og han var rimelig blaut. Eg fekk streng beskjed om å gå ut i vegen og ikkje gå på sykkelstien. Så sånn blei den trilleturen. Ikkje heilt så enkel som forventa. Men det var HERLIG MILDVER og det gjorde seg. Jr sov godt i vogna. mandag 16. november 2009
Søndagstur i november...



I går måtte me bare ut å nyta at det ikkje blåste så alt for ille. Ganske bra ver til å vera november. Så eg la i veg med jr i vogna og kosa meg (som eg pleier) med fotoapparatet på turen. Alltid noko artig å ta bilde av, og så ser ein jo skjønnheten endå bedre då. Eg e jo egentlig ikkje så glad i ridedyr, men måtte likavel dokumentera dei på turen i går. Synd med den stolpen føre hesten. Ja ja, eg har nå meir sansen for ulldyr...mandag 9. november 2009
Kvitt svineriet...
Så var vi blitt kvitt svineriet. Far kom med bil + tilhenger og frakta avgarde eternittplatene fra taket. Det var ganske mykje. Nå kan eg endelig kjøra bilen ut av den kommande garasjen uten å frykta fleire riper i lakken. Men eg må jo fortsatt passa meg for betongklossen i midten. Tre pallar med eternittplater stod opp mot gjerde framom bilen. Nå er dei heldigvis ute av syne og så og sei ute av sinn... TAKK FOR HJELPA FAR.
Men det lurer fleire farar for sjåføren, så ein må fortsatt kjøra med andakt i dette tunet/gardsrommet...
Men det lurer fleire farar for sjåføren, så ein må fortsatt kjøra med andakt i dette tunet/gardsrommet...
tirsdag 3. november 2009
Skuffande, det blei bare stiv kuling...
På tross av litt vind blei det ikkje så mykje action som frykta og venta. Me var ute på besøk på kvelden og var vel heller litt nervøse, så me braut opp tidlig. Engstelsen for at antennen hadde skrapa opp det nye metalltaket slo ikkje til, heldigvis. Den einaste tingen som prøvde å stikka av var denne svarte baljen, den var på tur tidligare på dagen. Og fekk då plassert på seg 2 mursteinar, men det haldt ikkje, den trengte ein til for å halda roen. Sjølv om vinden ikkje blei så sterk som venta, er det lett å sjå på hekken av det har vore vind. Den er nå bare bær igjen, nokre få blader her og der. Men bøkehekken er standhaftig og held på bladene. Passer nok på at me skal få raka/samla opp løv heilt fram til våren igjen.
søndag 1. november 2009
Storm på veg?
I følge værmeldinga er det nå tid for litt mer vind enn det som er vanlig og ønskelig. Men foreløpig virker det som om det er litt stille før stormen. Eg var ein liten tur ute for å dokumentera og sjekka ut om noko kunne fyka rett i veret. Det kan jo vera litt kritisk med både uidentifiserte og identifiserte flygande objekter. Satser på at det går bra...
Rekner nok med at alle dei fine røde blada og bæra vil ta avgårde i kraftig vind.
Kan jo og bli spennande å sjå om denne står oppe i morgon....
Abonner på:
Innlegg (Atom)
















.jpg)
.jpg)











.jpg)






