mandag 29. mars 2010

Historie...

Det er snart gått to år sidan me kjøpte dette huset og flytta til område. Me har endra "bitte litt" på ting og tang i løpet av desse åra og mye er blitt historie. Nå kan me skriva historie over endå ein sak, sjølv om det ikkje er me som skal skryta på oss arbeidet bak denne endringa.  Då me flytta hit var det mykje rart i hagen av buskar og buskas, og i tillegg var det ein enorm bøkehekk mot naboen. Noko av det første me gjorde etter nokon tydelige hint var å trimme denne hekken. For dei som lurer på om bøkehekk er tingen: jada, den er veldig tjukk og fin på sommeren. MEN: 1) sneglane elskar den. (sånne hagesneglar med sneglehus) 2)Vissent løv om hausten 3) Vissent løv om vinteren 4) vissent løv om våren 5) og kattane elskar å gjømma seg inni den, det er vel årsaken til den ufyselige lukta ute nå...

Før:
Nå:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar