tirsdag 3. november 2009
Skuffande, det blei bare stiv kuling...
På tross av litt vind blei det ikkje så mykje action som frykta og venta. Me var ute på besøk på kvelden og var vel heller litt nervøse, så me braut opp tidlig. Engstelsen for at antennen hadde skrapa opp det nye metalltaket slo ikkje til, heldigvis. Den einaste tingen som prøvde å stikka av var denne svarte baljen, den var på tur tidligare på dagen. Og fekk då plassert på seg 2 mursteinar, men det haldt ikkje, den trengte ein til for å halda roen. Sjølv om vinden ikkje blei så sterk som venta, er det lett å sjå på hekken av det har vore vind. Den er nå bare bær igjen, nokre få blader her og der. Men bøkehekken er standhaftig og held på bladene. Passer nok på at me skal få raka/samla opp løv heilt fram til våren igjen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar