Det er dei små ting i livet som gjør oss lykkelig...
Eg blir veldig glad av desse små vårglimta, sjølv om dei er inne og vinden uler ute. Sofaen på loftet dansa i takt med vinden medan eg såg på nyhetene. Frys bare av tanken på susinga og ulinga frå vinden.
Fekk denne herlige buketten av naboar i innflyttingsoppmerksomhet... Herlig. Takk takk...
Orkidear er ein nydelig blomst når den blomstrer. Sjekk den herlige fargen, til å bli glad av.

Billige roser på Mega for tida. Det er heller ikkje å forakta...
Ikkje det mest hyggelige bilde, mørkt og vanskelig å sjå kva dette er. Men eg måtte bare... Ventilasjonsrøyr i hagen har låge innpakka i presening sidan me blei så og sei ferdige med huset. Dei har vore under og over snøen. Og preseningen har holde ganske bra i all slags ver fram til dei siste "tider". Frå i går til i dag er stortsett heile ventilasjonsrøyra oppe i dagen. Vinden har flerra opp heile preseningen. Små øyeblikk for å skape lykke, kanskje ikkje... Men eg syns det blei litt morsomt. Så då måtte det bare med.

Storfan av snølykta frå perfekt Home. Digger denne altså. Den får nok henge til vårblomstene er godt synlige ute.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar