tirsdag 9. august 2011

Når me gjer ting me ikkje kan...

Husbonden har starta på lydveggen som skal vende ut mot den trafikkerte vegen som går forbi tomta. Endelig kom materialen i begynnelsen av dagen i dag. Vi har venta og venta, så då var det godt å vakna til lastebillyd i morges. Nå er det igjen materiale rundt huset og arbeid på gang... Spennande. Gler meg veldig til å få opp lydvegg. Ganske mykje støy frå trafikken! Særleg når ein er ute i hagen og ønsker å snakka...


Forskjellen på husbonden og kjerringa i dette huset er at husbonden har ein fantastisk evne til å setja seg inn i korleis ting skal vera før han sett igang. Noko kjerringa ikkje har. Og når inspirasjonen kjem er det bare å hiva seg utpå, så går det med kjerringa som det så ofte gjer, ikkje heilt som planlagt i gjerningsaugneblinken. Då er det tilbake til komfortsona. Men men nå får me sjå om me klarar å overvinna frykten for å mislykkas. I dag er det store prosjektet å prøva å sy noko. Har ikkje sett meg veldig inn i dette nei, så det er bare å kjøra på... (som dåkke ser...)

Tanken om gjenbruk av kler me skal forkasta er sterk motivasjonsfaktor her. Nå får me sjå kor lenge den miljøtanken held...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar