tirsdag 27. oktober 2009

Skinke-purre kringle...

Mi svigerinne ville gjerne ha denne oppskrifta ut på bloggen, slik at ho hadde tilgang på den. Me kaller det egentlig for 17. mai kringle, eg veit ikkje heilt koss det blei sånn. Kan ikkje hugse å ha laga dette i nasjonale tider...

Deigen
1 kg mjøl
250 gr smør
1 ts salt
2 pk gjær
6 dl melk
Lag deigen og sett den til heving. Deigen kan og brukast til rundtstykker, men på grunn av at det er så mye smør blir dei lett harde og tørre.

Fyllet:
skinkeboks i terninger
ost (revet)
purre (godt oppskåret)

Eg pleier å hakke opp fyllet og ha det i ein pose som eg ristar, då blander det seg godt. Og så er det bare å trille pølser, kjevle dei flate og ha fyllet på midten. Lukk så igjen, slik at fyllet blir bakt inni deigen og legg deigpølsa i ei fin kringleform på bakebrettet.

ca 220 grader i 15 - 20 min.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar