mandag 14. februar 2011

Små lykkeøyeblikk...

I god "Haba haba" ånd har eg fått dokumentert alle mine små lykkeøyeblikk for tida:
Det er dei små ting i livet som gjør oss lykkelig...

Eg blir veldig glad av desse små vårglimta, sjølv om dei er inne og vinden uler ute. Sofaen på loftet dansa i takt med vinden medan eg såg på nyhetene. Frys bare av tanken på susinga og ulinga frå vinden.
Fekk denne herlige buketten av naboar i innflyttingsoppmerksomhet... Herlig. Takk takk...

Orkidear er ein nydelig blomst når den blomstrer. Sjekk den herlige fargen, til å bli glad av. 


Billige roser på Mega for tida. Det er heller ikkje å forakta... 

Ikkje det mest hyggelige bilde, mørkt og vanskelig å sjå kva dette er. Men eg måtte bare... Ventilasjonsrøyr i hagen har låge innpakka i presening sidan me blei så og sei ferdige med huset. Dei har vore under og over snøen. Og preseningen har holde ganske bra i all slags ver fram til dei siste "tider". Frå i går til i dag er stortsett heile ventilasjonsrøyra oppe i dagen. Vinden har flerra opp heile preseningen. Små øyeblikk for å skape lykke, kanskje ikkje... Men eg syns det blei litt morsomt. Så då måtte det bare med. 


Storfan av snølykta frå perfekt Home. Digger denne altså. Den får nok henge til vårblomstene er godt synlige ute. 

mandag 31. januar 2011

Gjett kven som drømmer om sol og sommer....

Kjerringa sjølvsagt....

Mexicansk Fiskesuppe

For ikkje å havna i situasjonen der ein lover og lyg, må eg nå få lagt ut den fiskesuppa som eg har lova fleire skal koma her. Knall god suppe. Absolutt anbefalt... Har fått oppskrifta av ei god vennine i Oslo, nå Kongsberg. Takk Marit. Denne er krydder i tilværelsen...


















1 løk
2 gulerøtter
1 paprika
1 purre
olivenolje

Kutt opp grønnsakene i terningar og fres blanke i panne...

Kok opp 1/2 liter vatn + 2 kyllingbuljonger.
Ha deretter i grønnsakene + 1 boks hermetiske tomater.

Tilsett:
1 ts oregano
1 ts timian
1 ts basilikum
1/2 ts gurkemeie /safran
2 - 3 fedd kvitløk

Dette kokes i 1/2 time

Tilsett deretter
3 dl Cremè fraiche
1 glass tacosaus
salt og pepper

Gi det heile eit nytt oppkok
400 gr fisk (gjerne torsk) trekkes oppi til slutt...

Reker kan du ha i rett før servering, eller la gjestene forsyne seg av reker og drysse over.

Mmmmm, nydelig.



Eg servere gjerne denne suppa med kvitløksbaguetter eller italiensk brød...

søndag 19. desember 2010

Endelig litt oppdaterte bilder frå huset...

Først er det to bilder fra soverommet vårt...















Så kjem det bilder av badet, to ulike vinklar...


Kontoret fra toppen av trappa...


Stua, det går an å skimte julepynt. Men me har ikkje tatt heilt av ennå. 


Kjøkkenet: 



Gjestetoalettet: 


Den gamle trappa har me pussa og malt, lagt teppe og metall-lister i trinna.

Gangen sett mot utgangsdøra: 



Og gangen sett innover fra utgangsdøra...


Me har budd oppe i huset ei stund nå. Og er godt fornøyd med å bu over bakken igjen. Me ser jo sjølvsagt ting me ville gjort anderledes, men sånn er det vel alltid. Nå er det så nytt at me liksom kan sjå litt sånn, så blir me vel vane med det etterkvart... Kjøkkenet er min drøm av eit kjøkken. kjempe fornøyd med det!

God jul, alle mann!

søndag 5. desember 2010

Planer om nytt blogginnlegg...

Vi har planer om et nytt blogginnlegg som viser hvor bra det er blitt i huset. Men foreløpig er det bare den private bloggen som med jevne mellomrom blir oppdatert. Men det kjem altså bilder når vi får tatt dei. Vent i spenning... God adventstid...

mandag 8. november 2010

En ferdigstilt trapp og en ny trapp...

Husbonden har saman med ein kompis laga ei ny trapp ned til utbygget. Den blei skikkelig bra. Eiketrapp med kvit foring. Imponerande arbeid. Glad det ikkje er kjerringa som skulle utføra det arbeidet. Tvilsomt at det hadde blitt så bra då ja. Takk for hjelp og ekspertise, Tore...
Den gamle trappa opp til 2. etasje har og blitt fornya. Den har fått trinn med teppe og det siste som har skjedd er at den har fått metallister. I dag fekk husbonden litt ekstra hjelp med dette arbeidet. Det er jo alltid bra... 

mandag 1. november 2010

Hmm, litt kaos...

Skulle gjerne oppdater bloggen med litt bilder over kor fint det blir som nyinnflytta, men mye er bare veldig kaotisk akkuratt nå. Det gjenstår arbeid både her og der. I kveld blei det båret ting opp, båret ting ned, båret nye ting opp og sånn fortsatte eg ei stund. Ellers skal ting sorteras, vurderas og kanskje omplasseras... Trappeveggen blei og malt i kveld. Det er litt malejobb igjen ennå. Dørkarmane i 2. etasje er fortsatt bare sparkla. Men me kjem nok i mål... Gruer meg egentlig mest for å jobba meg gjennom alle flyttekassane, og finna ut kor mykje rare ting me egentlig har...