Det går i jobb, enten på jobb eller i huset. Snart tid for gipsing, så her gjelder det å henge i og få unnagjort masse slik at alt er klart til byggmennene kjem. Me er så heldige at me skal få eit firma til å ta gipsinga og det er godt med tanken på at husbonden sin rygg er litt sleten.
Det er jo begrensa kor mykje kjerringa får delta, men i dag har jr vært med og "rydda" litt oppe, vore dj og ellers herja på, mens eg reiv opp dei siste spikrane i gulvet. Det har vært eit lite område som var igjen pga diverse låg oppå. Men nå håper og trur eg at alle spikrar som skal opp av gulvet er dratt opp. (Sjå her: Spikrar som dras opp)
Nå er omtrent alt det elektriske på plass (røyr, ledningar og boksar.) Det blir mange hull i gipsplatene, heldige dei som skal gipse. Vi har lagt inn nok stikkontakter trur eg. Bedre det enn at ein må skøyteledningar her og der. Spennande å sjå om me blir fornøyde og har klart å tenka på alt. Det er mye å ha oversikt over.
For tida jobber husbonden med å få plass til alt av ventilasjon som skal gå i eit lite gjestetoalett, pluss utlufting av kloakk og så ei hylle som eg så gjerne ville ha over den vegghengte doen. Eg gjer visst ikkje arbeidslista hans mindre, men han er snill og fikser. Snill og flink husbonde eg har. Ja ja, eg skulle visst vaska badet, så havna eg her. Husj avgårde med meg.... :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar