onsdag 17. august 2011

Større tomt....

Husbonden har fortsatt karrieren med å gjera ting han ikkje kan. Han har no planert ut molda igjen etter støyping av mur og du for ei stor tomt me no har. Den minst 2 meter breie hekken er jo vekke. Me har jo snakka om det, men ikkje så lett å sjå føre seg. Men nå ser me det. Ganske mykje større tomt. For ein fotballbane dette er i ferd med å bli!!!
Kjerringa har og fortsatt med å gjera ting ho ikkje kan. Men nå trur eg jammen at eg har krangla nok med denne her. Nå skal den få ein pause og eg tar meg ein velfortjent pause etter å ha laga ei bukse til Jr. Den blei faktisk ikkje så verst viss du ser vekk frå at pynten blei sydd skeivt på, bukselommene til faren såg litt overkill ut til jr, den var allrede for kort, for mye stoff i rompa.... Ja, eg trur eg  må sei meg enig med husbonden. Start med noko litt lettare neste gong! Akkuratt nå er det takk og farvel til denne:
Jr har og fått kost seg i løpet av dagen. Sidan me hadde denne lettvekteren av ein gravemaskin på lån i eit døgn. Pappa sagde ned resten av hekken me hadde igjen, då fekk Jr sitta på gravemaskin. Hvilken lykke!


søndag 14. august 2011

Mur og sement...

Fredag blei det støpt mur der støygjerde skal komme. Det var ein travel dag for husbonden. Som forhåpentligvis har fått slapt godt av nå i helga.
For Jr er dette veldig spennende. Han er helt oppslukt i det som pappaen driver med. Og skal helst prøve ut alt det samme. Denne dagen blei ganske varm og Jr hadde då ein tendens til å spionera i vinduet, der fekk han med seg kva knapp som skulle trykkas på for å få gang på saga. Farlig, farlig med slike observante smågutter...

 Du gjør, pappa? Nysgjerrigheten lenge leve!!!
 Mens pappa hadde masse å forberede før sementbilen kom, prøvde me oss på å bygga hus av papp. Det var gøy ei lita stund, deretter blei det bollebagst. Men ingen av delene kan slå sementbilen som står og pumper ut noen meter unna....

Vel vi gjør ting vi ikke kan, komfortsona har foreløpig sigra. Har fått ferdigstilt denne jakka. Passer jo fint det, at den er ferdig nå!

tirsdag 9. august 2011

Når me gjer ting me ikkje kan...

Husbonden har starta på lydveggen som skal vende ut mot den trafikkerte vegen som går forbi tomta. Endelig kom materialen i begynnelsen av dagen i dag. Vi har venta og venta, så då var det godt å vakna til lastebillyd i morges. Nå er det igjen materiale rundt huset og arbeid på gang... Spennande. Gler meg veldig til å få opp lydvegg. Ganske mykje støy frå trafikken! Særleg når ein er ute i hagen og ønsker å snakka...


Forskjellen på husbonden og kjerringa i dette huset er at husbonden har ein fantastisk evne til å setja seg inn i korleis ting skal vera før han sett igang. Noko kjerringa ikkje har. Og når inspirasjonen kjem er det bare å hiva seg utpå, så går det med kjerringa som det så ofte gjer, ikkje heilt som planlagt i gjerningsaugneblinken. Då er det tilbake til komfortsona. Men men nå får me sjå om me klarar å overvinna frykten for å mislykkas. I dag er det store prosjektet å prøva å sy noko. Har ikkje sett meg veldig inn i dette nei, så det er bare å kjøra på... (som dåkke ser...)

Tanken om gjenbruk av kler me skal forkasta er sterk motivasjonsfaktor her. Nå får me sjå kor lenge den miljøtanken held...

tirsdag 7. juni 2011

Litt fornying i heimen...

 Så var garderobeskapet på plass i inngangspartiet. Det var herlig. Nå er det liksom ikkje så lett å rote der lenger.
 Stua har blitt meir stue, mye takka vera små detaljar her og der. Dette er ein av detaljane, men egentlig ikkje så liten detalj. Ein kollega av kjerringa som har mala dette flotte maleriet. Og det er bare så fint, bare kom å sjå...













Me har jo vist fram lampen tidligare, men er bare kjempe fornøyd med kor mye det gjorde det meir koselig. Så her kjem eit bilde til...












Litt oversikt over stua... Stolane er herlige og mykje i bruk. God plass å lesa avisa!!!


Kontoravdelinga har blitt flytta og skal bli meir og meir lekerom for junior. Det er jo godt igang med den misjonen allerede. Kjekt med litt meir boltreplass...

Noko maling gjenstår visst ennå, 2-3 planker ved inngangsdøra... Ellers har det kome planter i krukkene, og det er jo ikkje feil.




Planter ser ut til å tiltrekka seg visse gjester, her er lille Petter Edderkopp i fullt arbeid med nettet sitt.

onsdag 18. mai 2011

Ny blogg
















Har lenge tenkt på korleis eg skal kunne få med meg oppskrifter når eg eventuellt skulle hatt dei, eller den lette muligheten til å henvisa til oppskrifter.  Eg og søster har og snakka om at me ville hatt den og den oppskrifta av kvarandre. Nå har me starta ein felles blogg der me vil utveksla oppskrifter. Så kan dei som vil benytta seg av det som ligg her...

Bloggen heiter: galgodt.blogspot.com og ei oppskrift er allerede på plass

Hipp hipp hurra for 17. mai!

Hipp hipp hurra for pølser og is!

onsdag 20. april 2011

Stuelampe...

Nå har vi endelig funnet ein lampe vi kan enes om at passer til oss begge to. Vi var så heldige å ha besøk av søster som kunne ta seg av jr mens kjerringa og husbonden brukte laaaaaang tid på å finne ut kva som kunne passa. Vi har vært mange plasser og sett, og siste besøk var på www. ryggbelysning.no. Der var det jo litt av kvart og me fant omsider ein lampe. Men har fortsatt nokon igjen før alle takpunkta er dekka. Det skal ikkje vera lett....