lørdag 22. mai 2010
Meir elektrisk...
Flotte, flinke brødre er gode å ha. I dag har me igjen fått hjelp med å legge opp elektrisk fra den elektriske broren og hans håndtlanger, den mekaniske broren. Flott med så gode arbeidskarar i familien. I starten av dagen var det husbonden som var med elektrikaren, men på slutten og i kveldinga fekk husbonden kome igang med forsterking av veggar på badet. Grunnen til forsterkinga er at me ønsker mulighet til å ha keramikk på veggene, les flis. Men ikkje ennå.
For ei veke sidan gjorde dei seg ferdige med det elektriska i 2. etasje og gamle garasjedelen. Og i dag har det blitt lagt opp til spottar på kjøkken, i gang, og ellers stikk, brytere og punkt i gang, kjøkken, stue og soverom. Det ser ut til at drømmen om å flytta oppigjen fra kjelleren er innen rekkevidde.
Den elektriske broren var veldig happy når han skulle få pizza fra Pizzabakeren. Og det er han vel undt. Godt jobba. Lillebror.
torsdag 20. mai 2010
favorittpynt...
Har fått pynta litt rundt huset. Plantasjen er ein fin plass med flotte potter. Var egentlig ferdig å planta i krukkene til 17. mai. Har bare ikkje fått visst det fram...
Eg er stor fan av blomsten til høgre. Bare så synd at det er så mange blomar som er billigare. Hadde to i fjor, men ser ut til at dei tok kvelden i løpet av vinteren. (hulk) Min mormor hadde store planter av denne i hagen, og det har nok satt sine spor....
Har også fått meg to sommerfugl-lavendel... Håper på å plante dei ut i hagen ein eller annan stad før vinteren i håp om at dei har lyst til å komma sterkt tilbake neste vår. (sånn halvvegs langsiktige mål)
Har også fått meg to sommerfugl-lavendel... Håper på å plante dei ut i hagen ein eller annan stad før vinteren i håp om at dei har lyst til å komma sterkt tilbake neste vår. (sånn halvvegs langsiktige mål)
mandag 17. mai 2010
lørdag 15. mai 2010
Elektrisk...

I ettermiddag og kveld blei 2. etasje utstyrt med koblingsboksar og røyr med ledningar i. Lillebror og mellombror hadde regien på det elektriske. Uten at eg heilt har kontrollen trur eg kanskje at dei begynte i 1. etasje og. Godt med elektrisk bror:) og mekanisk bror...
Husbonden jobba med forsterking av veggene for kjøkkenskapa. Så no skjer det litt anna enn plast og isolasjon. Men det er kanskje bare til i morgon når svigerfar kjem, for då kan det hende at han vil isolera innerveggane. Eg krysser fingrane for at me kan flytta opp før hausten... *krysse, krysse, krysse...*
onsdag 5. mai 2010
Siste veggen er reist...
Då var den siste veggen reist. Det er veggen mellom kontoret og badet i den gamle garasjedelen. Etter plastringa på lørdag var det endelig klart for å setja opp siste vegg. Husbonden har gjort jobba på kveldane. Greit å bruka opp litt av materiale som ligg inne i vårt framtidige soverom, så slepp me å flytta på så mykje. Taket i soverommet manglar plast. Men altså veggen som er satt opp:
Og så ein sliten arbeidskar når klokka nærma seg 22.
lørdag 1. mai 2010
Plastring av tak...
Nå er også påbygget (gamle-garasjedelen) delvis plastra i taket. Det har vore ein del dillearbeid for husbonden i dag. Men i kveld fekk me plastra kontor og baderomsdelen. På slutten måtte det hodelykt til for å få festa plasten, dermed er det heller ikkje avbilda. Då får me bare ønska alle ei fortsatt god helg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)














