lørdag 15. mai 2010

Elektrisk...





I ettermiddag og kveld blei 2. etasje utstyrt med koblingsboksar og røyr med ledningar i. Lillebror og mellombror hadde regien på det elektriske. Uten at eg heilt har kontrollen trur eg kanskje at dei begynte i 1. etasje og. Godt med elektrisk bror:) og mekanisk bror...

Husbonden jobba med forsterking av veggene for kjøkkenskapa. Så no skjer det litt anna enn plast og isolasjon. Men det er kanskje bare til i morgon når svigerfar kjem, for då kan det hende at han vil isolera innerveggane. Eg krysser fingrane for at me kan flytta opp før hausten... *krysse, krysse, krysse...*

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar