Då var meste heile 2. etasje ferdig isolert. Det minkar på isolasjonsjobben. Godt husbonden har fått hjelp av svigerfar, dei har gjort ein god jobb i dag.
mandag 29. mars 2010
Historie...
Det er snart gått to år sidan me kjøpte dette huset og flytta til område. Me har endra "bitte litt" på ting og tang i løpet av desse åra og mye er blitt historie. Nå kan me skriva historie over endå ein sak, sjølv om det ikkje er me som skal skryta på oss arbeidet bak denne endringa. Då me flytta hit var det mykje rart i hagen av buskar og buskas, og i tillegg var det ein enorm bøkehekk mot naboen. Noko av det første me gjorde etter nokon tydelige hint var å trimme denne hekken. For dei som lurer på om bøkehekk er tingen: jada, den er veldig tjukk og fin på sommeren. MEN: 1) sneglane elskar den. (sånne hagesneglar med sneglehus) 2)Vissent løv om hausten 3) Vissent løv om vinteren 4) vissent løv om våren 5) og kattane elskar å gjømma seg inni den, det er vel årsaken til den ufyselige lukta ute nå...
Før:
Før:
Nå:
torsdag 25. mars 2010
Husbygging...
Det bygges fortsatt hus, men dei siste dagane har det blitt gjort på ein litt annan måte... Kjerringa har hatt omgangsjuke og låge som eit slakt, så da har husbonden aktivisert ho med Yatzy. (Ikkje så vanskelig å få kjerringa med på spel, ho er jo ein hund etter slikt)
mandag 22. mars 2010
Vår...
Dette er ei veldig god tid av året, lysare kveldar, hagen/trea/hekkane ol ser egentlig ganske døde ut. Men så kjeme det nytt liv under alt det andre. I hagen vår er det nå iferd med å gro fram flotte klosterklokken. Fantastisk.
tirsdag 16. mars 2010
Isolasjon i 2. etasje...
Nå er me igang med å isolere den øverste etasjen. Me er heilt ferdige med å riva ut nå. Målet er å få isolert så mye som mulig, så det er klart til å strekka plast (dampsperre) og gjera klart for elektrisk. Kanskje me klarer å bli ferdig med dette til etter påske? Det er jo lov å håpe...
Etter å ha revet ned den gamle isolasjonen ser me kvifor me hadde så interessante temperaturar på soverommet. Det var nemlig veldig veldig varmt på sommaren og iskaldt på vinteren. Grunnen til dette var at det var brukt bare eit tynn og fin glasswattmatte på 5 cm.
På nordsida var det lagt dobbelt opp med slike matter, og der har det tydeligvis blitt noe fukt. Taket har mørkeflekker. Dampsperre var jo totalt fraværende. Eg er ikkje ekspert nok til å sei at det var det som gjorde det, men kanskje...
Godt me har noko å driva på med om kveldane...
mandag 15. mars 2010
På tur i vårværet...
onsdag 10. mars 2010
Familieforøkelse...
Da var vi blitt fire. Denne sauen har flytta heil inn, etter fleire veker i delar. Nå venter me bare på lammet, kanskje det kjem (blir ferdig) i påsketider når lam pleier å koma? Jr er iallefall veldig fornøyd med det nye familiemedlemmet. Eg har ein plan om at denne sauen skal vera hyllepryd på jr sitt framtidige rom. Men kan hende den blir brukt så mye av jr at den ikkje vil ver så fin å ha på ei hylle. Me får sjå, den tid den glede.
Abonner på:
Innlegg (Atom)










