søndag 31. januar 2010

torsdag 28. januar 2010

Klar, ferdig, gå...













I dag kom det mer material til "gards", så då nermar det seg meir byggearbeid. Gleder meg til å sjå veggar som kjem opp og riving i 2. etasje. Har vore så travelt i det siste både for husbonde og kjerring, så det har ikkje skjedd så mykje. Eg er vel kanskje den som skryt på meg det lille arbeidet eg får gjort. Men det er vel ikkje eg som står for dei heilt store endringane i byggearbeidet. Har heldigvis ein flink husbonde...

Iallefall i dag kom kranbil med masse varer. Og då måtte me jo ut og kikka.












På med dress og lua fra Sør Amerika.













Material på sida av huset, greit med enorm krane, då slepp me (les husbonden) å bera det ned der resten av materialen ligg. Men det var visst litt mykje, så me får litt bere-arbeid alikavel. Ja ja


onsdag 27. januar 2010

Mildvær, jippi....













I dag har det vore herleg mildvær. Eg såg ut av vindauga og fekk auga på grøne grasstrå stikkande opp og det blei bare meir og meir utover dagen. Meir og meir av plenen vart synleg. Sol og regn for ikkje å snakka om plussgrader. Humør og glede auka enormt. Eg og Jr måtte bare ut med vogna. Fantastisk, trudde eg.













Herleg å komma seg ut, stod absolutt til forventningane. Heilt til me gjekk ut av gardstunet og skulle trilla vogna. Det har ikkje vore noko problem at gangstiar ikkje har vore brøyta for det har jo vore hardpakka uansett. Men i dag var det ikkje mogeleg å ta dei vanlege vegane. Det var minst 15 cm med blaut blaut snø. Umulig å både skua og dra vogn. Vel vel, så måtte eg snu og gå sykkelstiar langs vegen då.


Bloggaward











Me har fått ein kreativ bloggaward  fra ei barndomsvennine. Det fungerar som ein slags kjedegreier, klikk på overskrifta så ser du utfordringa. Eg har jo fått ein del kjedemailar på epost, og dei har aldri komt vidare.  (Med kanskje to unntak!?!) Men nå blir det litt vel synleg om eg ikkje sender vidare....

Det er to reglar for denne awarden: eg skal skrive 7 ting om meg sjølv og så skal eg senda den vidare til 7 andre. Dette er jo ikkje den mest private bloggen vår, dermed blir ikkje informasjonen så veldig privat. Men her er altså 7 opplysningar om kjerringa i huset.
  1. Kristen
  2. Veldig glad i håndarbeid: hekle, strikke 
  3. Blei visst hønemor på tross av idear før jr kom.
  4. Spelegal (spesielt strategi-brettspill) DOMINION
  5. Glad i å lage kort og Scrappe
  6. Er mer rotete enn eg liker å innrømme, mellomstasjoner er aktivt brukt. 
  7. Liker å gå med lange strikkejakker
  8. Liker ikkje sånne kjedegreier, og sidan eg er meg sjølv lik. Så sende eg visst ikkje denne vidare. Skikkelig kjedelig Kjerring.  

mandag 25. januar 2010

Takhøgde...





Det blir god takhøgde i stova. Har vore oppe og sett litt for å tenka litt koss det blir. Og så måtte eg bare måla kor god takhøgden blir, sidan heile taket nå blir skrått vil det innerst bli ganske høgt. Når eg målte fekk eg det til å bli 3.96. Men så skal det jo lektas ned i taket og på med gips og det skal trinndemping e.l. + parkett på gulvet.  Dette blir spennande. Og for ei god stove me får. Eg gleder meg....

lørdag 23. januar 2010

Det ryddes oppe.

Har ikkje fått gjort så mykje i huset i det siste, nokre spikrar er blitt trukket opp av gulvet og ut av veggbjelkar. Og det er også blitt pakka ned nokre fleire kassar i 2. etasje. Det blir fullere i kjelleren, litt av årsaken til det er jo Perfect Home, men me har og tatt ned ein "karusell". Eit skap med speil på ei side og hyller på andre sider. Denne har me hatt det litt løye med i dag.

tirsdag 19. januar 2010

Innvendige vegger + riving...

Det nye året er godt i gang og det er jo vi også. Vi har faktisk fått gjort en del i jula på huset. Omtrent hele 1. etasje er blitt isolert. Vi har fått hjelp av Magne og Svigerfar. Ellers har det jo vært en del jobbing med å kimse på det gamle reisverket for å få det til å passe inn i 60 cm system. Det er jo ingenting som stemmer på cm her. Men nå blir det nok bedre. Vi har ikkje rekna med at det skulle bli så mye ekstra her og der, dermed har det jo også gått med en del materiale som vi egentlig hadde tenkt å bruke på de invendige veggene. Men nå er det altså tomt. Så det er litt stilstand i arbeidet. Det vil sei: vi rydder og gjør klar til riving i 2. etasje.

Dette er bilde av ny inngang til stua fra kjøkkenet. Reisverket til veggen er heilt oppe. Og opningen er klar for skyvedør som er 90 cm brei. Det går så vidt...












Her er bilde av kjøkkenvegg ut mot inngangsparti. Gjekk tom for materiale før denne blei heilt ferdig.

Då nermer det seg tid for å tenke på det elektriske og på ventilasjon før gipsing og diverse anna arbeid i 1. etasje. Skal bli digg... Eg har litt fleire spikrar å dra opp. Har ikkje fått gjort så mye med det på 1 1/2 veke nå....