Hipp hipp hurra for pølser og is!
onsdag 18. mai 2011
onsdag 20. april 2011
Stuelampe...
Nå har vi endelig funnet ein lampe vi kan enes om at passer til oss begge to. Vi var så heldige å ha besøk av søster som kunne ta seg av jr mens kjerringa og husbonden brukte laaaaaang tid på å finne ut kva som kunne passa. Vi har vært mange plasser og sett, og siste besøk var på www. ryggbelysning.no. Der var det jo litt av kvart og me fant omsider ein lampe. Men har fortsatt nokon igjen før alle takpunkta er dekka. Det skal ikkje vera lett....
mandag 14. mars 2011
Okeidå, ikkje så gale med snø når...
... jr tross alt koser seg veldig med det. I helga blei det bygging av snømann i hagen, den er stort sett historie nå. Me har time for time vore tilskuarar til smeltinga av denne herremannen. Det er jo og litt interessant.
onsdag 9. mars 2011
Whaaaaaaaat? Snøøøøø?
Hmm, ikkje heilt med i planen dette her... Har snøa i fleire timar. Og eg hadde ein tanke om å vaska vinduar, nyta våren og greier... Skal ikkje stikka under ein stol at det har klødd litt i fingrane etter å planta nokon vårplanter i krukkene utafor. Nå veit et ikkje heilt om det er aktuelt i dag. I går kveld regna det sånn at det hørtes både på vinduer og tak. Vi har heldigvis sånt herlig tak som seier frå når det regner, så då blir følelsen av å sitta under eit pledd endå bedre. Trur kanskje at eg syns nedbør i form av snø var lika greit i dag, det blei jo så lyst og fint... Heilt reint ute liksom...


Det ser ikkje ut til at snøen skal bli verande i det uendelige... Er jo ganske glad for det då...

Særlig fint om snøen forsvinn slik at desse herlige får lov å fortsetje sin ferd fram i lyset... Det er herlig med vår.

torsdag 3. mars 2011
uteområde...
Vi rydder, tenker og planlegger uteområde. Dette blir spennende. Nå er egentlig uteområde finere enn det har vært på lenge. Husbonden har gjort ein god jobb med å rydda søppel.
fredag 18. februar 2011
Sol, sol, kom igjen...
Har gått og frøse i fleire dagar nå. Vind som river i huset og suser så øyrene får inntrykk av at vinden er inne... Brrr kaldt. Men i dag har sola komt gjennom skylaget og varma både hjerte og stue... Deilig. Fint temperaturhopp frå 19 - 20 grader i stua til over 24... Heilt fint det:)
mandag 14. februar 2011
Små lykkeøyeblikk...
I god "Haba haba" ånd har eg fått dokumentert alle mine små lykkeøyeblikk for tida:
Det er dei små ting i livet som gjør oss lykkelig...
Eg blir veldig glad av desse små vårglimta, sjølv om dei er inne og vinden uler ute. Sofaen på loftet dansa i takt med vinden medan eg såg på nyhetene. Frys bare av tanken på susinga og ulinga frå vinden.
Fekk denne herlige buketten av naboar i innflyttingsoppmerksomhet... Herlig. Takk takk...


Det er dei små ting i livet som gjør oss lykkelig...
Eg blir veldig glad av desse små vårglimta, sjølv om dei er inne og vinden uler ute. Sofaen på loftet dansa i takt med vinden medan eg såg på nyhetene. Frys bare av tanken på susinga og ulinga frå vinden.
Fekk denne herlige buketten av naboar i innflyttingsoppmerksomhet... Herlig. Takk takk...
Orkidear er ein nydelig blomst når den blomstrer. Sjekk den herlige fargen, til å bli glad av.

Billige roser på Mega for tida. Det er heller ikkje å forakta...
Ikkje det mest hyggelige bilde, mørkt og vanskelig å sjå kva dette er. Men eg måtte bare... Ventilasjonsrøyr i hagen har låge innpakka i presening sidan me blei så og sei ferdige med huset. Dei har vore under og over snøen. Og preseningen har holde ganske bra i all slags ver fram til dei siste "tider". Frå i går til i dag er stortsett heile ventilasjonsrøyra oppe i dagen. Vinden har flerra opp heile preseningen. Små øyeblikk for å skape lykke, kanskje ikkje... Men eg syns det blei litt morsomt. Så då måtte det bare med.

Storfan av snølykta frå perfekt Home. Digger denne altså. Den får nok henge til vårblomstene er godt synlige ute.
Abonner på:
Innlegg (Atom)







