mandag 17. mai 2010
lørdag 15. mai 2010
Elektrisk...

I ettermiddag og kveld blei 2. etasje utstyrt med koblingsboksar og røyr med ledningar i. Lillebror og mellombror hadde regien på det elektriske. Uten at eg heilt har kontrollen trur eg kanskje at dei begynte i 1. etasje og. Godt med elektrisk bror:) og mekanisk bror...
Husbonden jobba med forsterking av veggene for kjøkkenskapa. Så no skjer det litt anna enn plast og isolasjon. Men det er kanskje bare til i morgon når svigerfar kjem, for då kan det hende at han vil isolera innerveggane. Eg krysser fingrane for at me kan flytta opp før hausten... *krysse, krysse, krysse...*
onsdag 5. mai 2010
Siste veggen er reist...
Då var den siste veggen reist. Det er veggen mellom kontoret og badet i den gamle garasjedelen. Etter plastringa på lørdag var det endelig klart for å setja opp siste vegg. Husbonden har gjort jobba på kveldane. Greit å bruka opp litt av materiale som ligg inne i vårt framtidige soverom, så slepp me å flytta på så mykje. Taket i soverommet manglar plast. Men altså veggen som er satt opp:
Og så ein sliten arbeidskar når klokka nærma seg 22.
lørdag 1. mai 2010
Plastring av tak...
Nå er også påbygget (gamle-garasjedelen) delvis plastra i taket. Det har vore ein del dillearbeid for husbonden i dag. Men i kveld fekk me plastra kontor og baderomsdelen. På slutten måtte det hodelykt til for å få festa plasten, dermed er det heller ikkje avbilda. Då får me bare ønska alle ei fortsatt god helg.
fredag 30. april 2010
Stadig utvikling....
Det har skjedd meir oppe i huset, men eg har ikkje fått vore og dokumentert det. Nå er snart heile 1. etasje, utenom gamle garasjen, lekta i taket og det vil vel sei klar for elektriker. Her er grunnen til at det er vanskelig å få dokumentert det:
Slutt med den dataen/kameraet/mobilen mamma, eg vil ut å gå!
fredag 23. april 2010
søndag 18. april 2010
Krabbeteppe fra USA
Jr har vært så heldig å få krabbeteppe fra slektninger i USA. Fantastisk teppe. Masse spennende dyr han kan se på og han har allerede undersøkt en del av dem.
Thanks a lot Sheila & co:) Its awesome, we love it.
Abonner på:
Innlegg (Atom)






.jpg)
.jpg)


