mandag 12. april 2010

Nå skal pappa kjøra på jobb...

Det er fint å sitta i vinduet og sjå når pappa fere. I dag måtte pappa skrapa bilen og jr fikk med seg heile seansen. Voldsomt kjekt.












Ellers har eg fått litt hjelp til å "rydda" klesvasken i dag. 

Mange barn er redd støvsugeren...

Har hatt denne videoen på den private bloggen, men syns den er litt morsom og må visa den til alle. Han her er iallefall ikkje redd støvsugeren, han begynner å bli redd mye anna...

fredag 9. april 2010

Litt uklar utsikt...

For tida er Jr opptatt av veldig mykje. Lys, bil, melk, melk, melk, stereoanlegg, katt, hund og så videre. Når me bur i kjelleren er det ikkje så lett for han å krypa bort til vinduet for å sjå på det som beveger seg utafor, men me lyfter han opp i vinduet. Me ser på kattar, skjerå når den er der, løv som fyk og diverse anna. Det er jo veldig kjekt, men det har på ein måte sin pris:
Vaske vaske vindu...




... men ikke i dag

onsdag 7. april 2010

Inndeling 2. etasje












I påsken har husbonden tatt seg fri på arbeidsdagane for å få gjort litt i huset. Det blei jo isolert då svigerfar var med, og etter det har vi strukket plast (dampsperre) i taket som du kan sjå på bilde, det er òg lekta i taket. Nå er reisverket til veggane nesten oppe og det visar seg at soveromma blir romslige. Kjekt at det går framover både med tømmerfagspråket til kjerringa og med renoveringsarbeidet.

fredag 2. april 2010

Lemming...

Har vore heime hos mor og far på påskebesøk. I desse tider pleier det å vera lemming, iallefall i nærheten av påsken. Men i følge far skulle det ikkje komma nokon lam før i midten av månaden. Så då kom eg han i forkjøpet, for nå er det lam i hus her. Sauen til Jr har fått lam så nå er prosjektet fullført. Hadde eit mål om at det skulle vera ferdig innan han blei 1 år, og det klarte eg jo med grei margin...

mandag 29. mars 2010

2. etasje igjen...

Då var meste heile 2. etasje ferdig isolert. Det minkar på isolasjonsjobben. Godt husbonden har fått hjelp av svigerfar, dei har gjort ein god jobb i dag.

Historie...

Det er snart gått to år sidan me kjøpte dette huset og flytta til område. Me har endra "bitte litt" på ting og tang i løpet av desse åra og mye er blitt historie. Nå kan me skriva historie over endå ein sak, sjølv om det ikkje er me som skal skryta på oss arbeidet bak denne endringa.  Då me flytta hit var det mykje rart i hagen av buskar og buskas, og i tillegg var det ein enorm bøkehekk mot naboen. Noko av det første me gjorde etter nokon tydelige hint var å trimme denne hekken. For dei som lurer på om bøkehekk er tingen: jada, den er veldig tjukk og fin på sommeren. MEN: 1) sneglane elskar den. (sånne hagesneglar med sneglehus) 2)Vissent løv om hausten 3) Vissent løv om vinteren 4) vissent løv om våren 5) og kattane elskar å gjømma seg inni den, det er vel årsaken til den ufyselige lukta ute nå...

Før:
Nå: