
I dag fekk me sova litt frampå, det var jo deilig for ei gong skuld. Men det blei litt hektisk når me under frokosten fekk auge på sementbilen. Den kom 09:28 i staden for 10. Så me hadde visst ikkje så god tid som me trudde alikavel. Ja ja, sånn er det.
Jr blei veldig fasinert over den store bilen. Itillegg var det jo lys som blinka på den og ein dings som gjekk rundt. Så det var jo enormt spennande.
Ingen av oss er murarar, så me fekk litt inntrykk av å ha tatt oss vann overhode når me skulle støypa trappa sjølv. Men etter å ha styrt og jobba litt, fant me ein teknikk som det vil visa seg i ettertid om fungerte. Kan jo bli spennande å sjå. Takk og lov at Jr sov så godt når det verste stod på...


Dere er flinke :D
SvarSlett