

Ting går framover her i viervegen. Eller kanskje det går bakover? Ikkje veit eg, men i går forsvant iallefall det gamla kjøkkenet med innredning og det heile. Så nå er me egentlig kjøkkenlause. Men me har jo "vaskeromkjøkkenet" i kjelleren då. Med god hjelp fra Jon og svigerfar, blei Roald så revet med, at veggane blei revet ned. Nå står bare stenderane tilbake (med fare for å avsløra meg sjølv og mangelen på kunnskap når det gjeld namn på dei ulike plankebetar eit hus er bygd opp av). Har ikkje vore så aktiv med kamera dei siste dagane, så dei flotte hjelparane er desverre ikkje avbilda i denne omgang. Kanskje ved neste anledning. Men skal prøva å få avbilda korleis det nå ser ut.
Svigermor var med og hjalp meg med innkjøp til dåpen neste søndag. Ho passa Noah, medan eg fekk stått litt i kassakø både her og der. Som ho sa: " det skal helst vera rullande hjul heile tida". Han er noe kravstor når det kjem til stilleståande vogn. Men det er vel kanskje sånn det er med slike småtasser. Blir spennande å sjå korleis han helsar på presten neste helg. Kan jo henda han vil ta fram smilet eller kanskje han tar ei unote...?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar