

Nå ser det endelig ut til at bygginga kjem igang. På mandag starter dei som skal snekre: Njål Gunnar og Gabriel. Festlig at broremann skal bygga på huset. I dag har eg og Roald fått gjort ein del forberedelsar til dette som skal skje.

Innimellom har Noah vore vaken og fått seg ein tår. Han treng tydeligvis litt mat. Prøvde å måla lengden på han på stellebordet i dag. Då han vart fødd målte han 51 cm, og i dag, nesten 5 veker etter, målte han 58cm. (usikkert mål) Den karen veks noko heilt enormt. Ja ja. i dag ber det avstad til kyrkja for å vera med på forberedingssamtale før dåp. Så nå nærmar det seg festligheter.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar