tirsdag 24. november 2009

Trapp og isolasjon

Har fått gjort litt på huset igjen. Svigerfar var til stor hjelp på mandag og eg prøvde å fortsetja litt i dag. Så nå er me godt i gang med å isolera påbygget der den gamle garasjen var før.












Ellers jobber husbonden på med å få til trapp ved inngangspartiet. Det nærmer seg noko.

mandag 16. november 2009

Søndagstur i november...







I går måtte me bare ut å nyta at det ikkje blåste så alt for ille. Ganske bra ver til å vera november. Så eg la i veg med jr i vogna og kosa meg (som eg pleier) med fotoapparatet på turen. Alltid noko artig å ta bilde av, og så ser ein jo skjønnheten endå bedre då. Eg e jo egentlig ikkje så glad i ridedyr, men måtte likavel dokumentera dei på turen i går. Synd med den stolpen føre hesten. Ja ja, eg har nå meir sansen for ulldyr...


søndag 15. november 2009

Min nye last i livet...


Mi mormor var veldig flink å hekle. Og i det siste har eg og vore veldig hekta på det. Eg har hekla ball, oppbevaringsveske til mobil og i går toppa eg heile sulamitten med å hekla polkagrisstav. Det var litt moro å få til. For oppskrifta var på engelsk. Eg har jo etterkvart lært meg orda på norsk, men kan dei absolutt ikkje på engelsk. Her er oppskrifta hvis någen vil prøva seg...

http://www.planetjune.com/candycane/

mandag 9. november 2009

Kvitt svineriet...

Så var vi blitt kvitt svineriet. Far kom med bil + tilhenger og frakta avgarde eternittplatene fra taket. Det var ganske mykje. Nå kan eg endelig kjøra bilen ut av den kommande garasjen uten å frykta fleire riper i lakken. Men eg må jo fortsatt passa meg for betongklossen i midten. Tre pallar med eternittplater stod opp mot gjerde framom bilen. Nå er dei heldigvis ute av syne og så og sei ute av sinn... TAKK FOR HJELPA FAR.


Men det lurer fleire farar for sjåføren, så ein må fortsatt kjøra med andakt i dette tunet/gardsrommet...