fredag 5. mars 2010

Jobbsitasjonen til hausten er klar...

Då var det avklart. På mandag skal eg få instillinga til den stillingen eg skal inn, eller den skal sendas i posten. Så då er det ordna til hausten. Startar på den ungdomsskulen eg har jobba på tidligare. Og kjenner faktisk at eg er veldig klar for det, sjølv om ein av kollegaane som eg såg fram til å samarbeida med igjen, har slutta. Vel vel, mange andre hyggelege folk. Og det blir kjekt å koma tilbake dit. Har liksom sett føre meg det, sjølv om eg hadde litt forhåpningar til det intervjuet eg var på. Men det er noko med å vera tilbake der ein er litt kjent... Gleder meg til det!

søndag 28. februar 2010

Ny tom kontainer fredag føremiddag...
















...lørdag kveld var den full. Me fekk arbeidsgleden og rivelysten over oss, og satte igang igjen. 2. etasje var nok ei gong den delen av huset som fekk gjennomgå. Me reiv jo ein del der for ei veke si, men ennå stod vegger og reisverk att. I tillegg stod det gamle herlige sikringsskapet der med ein "flott kvelerslange" av ein hovedledning som har blitt flytta ørten gonger si me starta sjauen. Nå er alt dette historie. Godt husbonden har "elektriske fingre", for kjerringa er helst redd for støt bare ved skifte av lyspære. Dette heng saman med ein karamell for 1,5 år sidan då me flytta til dette huset.

Nå gjenstår det så lite riving at vi offisielt sier oss ferdig med riving. Det er tid for å fylle inn med GLAVA og starte gjenoppbygginga. Kjerringa drøymer om det nye huset som me håper å bu i etter sommeren. GLEDER MEG VELDIG!

torsdag 25. februar 2010

Det minker på det gamle viervegen25
















Nok ein kontainer er fylt til randen. Hvis du skal renovere eit hus, husk å legge inn ein egen budsjettpost som heter kontainer og kontainerleige. Det blir fort nokon lass ;-)

Nå er det ikkje mye igjen av det gamle huset. Det minker og minker. 2. etasje er så og sei heilt open og endå er det meir som må rivas og hivas i kontainer...

Men det er godt at me driv og bygg opp igjen og nå. Det er ikkje bare motiverande å riva ned og riva ned, for då virkar jobben endå større for å bygga opp igjen. Eg som ikkje egentlig er hjernen bak operasjonane, blir veldig motivert av å sjå reisverket til veggane i 1. etasje. Ja ja, ha ein trivelig torsdag.

tirsdag 23. februar 2010

Pyslerier i disse OL-tider!










I haust lærte eg meg å hekla. Det er faktisk veldig artig. Eg har nå fått litt rutine på dette med å hekle babyballar og har utvida min egen produksjon med å hekle rangler etter eget mønster. Siste ankomne er blomsten. Nå venter eg bare på ei bok som skal komma i posten med hekleoppskrifter på amigurumi... Gleder meg...

Inspirasjon til heklinga har eg fått på Garnstudio sine sider:

søndag 21. februar 2010

Riving i 2. etasje

Litt avfall i 1. etasje etter at gutta har kost seg i 2. etasje. Var ganske vanskelig å komma seg til utgangsdøra... 



For ein jobb de gjorde. Betong golvet etter eit bad som har vore i 2 etasje måtte meislas opp og det var min yngste bror som stod for den jobben. Heldig for oss at han såg syn på å starta på den jobben, for det såg me litt mørkt på. Men nå er betonggolvet vekke og det er bare reisverk til vegger igjen der oppe. Så nå nærmer det seg tid for oppbygging der og. Men me må riva litt til først. Takk for jobben og innsatsen gutta. Well done!

onsdag 17. februar 2010

Eg komme og tar deg...

Syns dette bilde blei ganske artig. Lekte meg litt med husbonden sitt kamera og skulle bare fange jr i et avslappa øyeblikk. Men det varte ikkje så lenge. 

mandag 15. februar 2010

Gamle kloakkrør, good bye!

I helga enda dei gamle kloakkrøra i kontainaren. Det var litt av ein jobb for husbonden. Slike rør veg ganske så mykje. Så det måtte stropper til, husbonden brukte taljeprinsippet for å kunne fira ned det tunge togreina røyropplegget du ser øverst på bildet. (vekt mellom 50 og 100 kg?) Kjekt for meg å sjå fysikkteori i aksjon. (lærartankar) Nå er det etterkvart klart for å legga opp avløp og "rør i rør" - rør til det nya badet og kjøkkenet. Så då må rørleggaren inn. Det skjer antakeligvis i mars eller april...