lørdag 8. august 2009

Peanøttkaker

Disse fekk eg oppskrift på av ei vennine.  











180 gr romtemperert margarin
270 gr sukker
2 egg
5 dl hvetemel
1 ts salt
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
2 evt 1 1/2 pl kokesjokolade
2 dl peanøtter

Rør smør og sukker hvit, rør så i egga. Bland deretter i alt det andre. Lag små kjeks på bakeplata. 200 grader i 10 - 15 min midt i ovnen.  

Skikkelig digg.

fredag 7. august 2009

Det var ei gong eit eternitt-tak...






I går var det ein veldig varm og fin dag. Perfekt for riving av eternitt-taket. Rivinga gjekk unna, men det tok på med varmen og med dei framoverbøyde ryggane.

Roald og Arvid reiv eternittplatene på taket og svigerfar stod nede og pakka platene på pallar. Ser at me nok aldri kunne fått ein bedre pakkar. Platene er plassert med nøyaktig presisjon.

Jon kom innom til grilling og ble med i samlebåndet etterpå. Han sende platene ned i den heimesnekra sklia, der svigerfar overtok. Magne kom og innom og fekk seg ein kopp med kaffe. Svigermor gjorde ein god farmorjobb, med å trille og passe på småttasen. Så då gjekk det glatt å stelle istand grillmat og kaffe... Takk for hjelpa

onsdag 5. august 2009

So far, so good...





Huset begynner verkeleg å ta form. Meir og meir av kledningen er på plass. Ennå er jo ikkje tømrarane heilt ferdige. Dei kjem attende neste veke for å laga glassvegg der det nå er kanapp. Det skal og inn eit vindu i 2. etasje. Det må antakeligvis heisas inn med kran. Så det blir spanande.

Roald jobber på for at huset skal vera tettast mogeleg til haustveret sett inn. Det var interessant då veret toppa seg i sist veke, men det gjekk godt. Noko vatn kom inn, men ikkje så mykje som frykta. Tida er snart inne for å riva taket. Satser på minst mogeleg regn innan det nye taket er på. Godt med gode folk som kan vera med og hjelpa Roald. Takk for hjelpa i dag Arvid.

Ute og inspiserer arbeidet...


Me hadde oss ein tur ut for å sjå korleis det gjekk med kledningsarbeidet. Lua er strikka av moster og var litt stor ennå, den flytta litt mye på seg når lille nysgjerrigper måtte få med seg alt.

mandag 3. august 2009

Velkommen til verden Johanna...


Jippi, då har me blitt tante og onkel igjen. Johanna kom til verden i går kl 17.33, ho veide 3440 gr og 50 cm lang. Gratulerer May Solveig og Arne. 

Nå venter eg spent på å få ein melding frå ei vennine i Oslo. Ho hadde termin nokre dagar før May Solveig. 

søndag 2. august 2009

Det går vel mot haust...





Det er jammen fint med haust og. Eg var ein søndagstur på kongevegen tidlig i november i fjor. Roald var på jobb og det var vel egentlig ikkje så mange som hadde mulighet til å vera med. Så med selskap i Roald sitt speilreflekskamera la eg iveg. Fekk med meg nokre flotte haustfargar og ein fantastisk solnedgang. Litt eksperimentering førte til at nokre av dei mange bildene som blei tatt blei amatørmessige og fine. (Syns eg)

lørdag 1. august 2009

Uprøvd sjokoladekake

Fant denne oppskrifta på nett og måtte bare lagre den for senere bruk. 

Beates sjokoladekake

1l kulturmelk
3ss natron
rør og hev
7,5dl sukker
1l kveitemjøl
2ts kanel
2 1/2ss kakao
200g smelta smør/margarin
bland isamen
steik i langpanne m smurt bakepapir
170*C i ca.45 min
kan godt verr klissete inni!

Glasur:
175g smelta smør (og då meinte hu smør)
100g mørk kokesjokolade
smelt i smøret
300g melis
rør i
1 egg
blandas i te slutt, rør te glasuren blir glatt